To ledige stillingar

For tida har vi 2 ledige stillingar: ei nyoppretta stilling som forskingsrådgjevar knytt til administrasjonen vår og ei stilling som forskar innan industriell økologi og sirkulærøkonomi, knytt til forskingsområdet klima og miljø. Søknadsfrist for begge stillingane er 27. juni 2021

I tillegg har vi ledig stilling for deg som ynskjer å ta ein Ph.d i stordata eller kanskje du ynskjer stilling som trainee i stordata? Sjå dei to utlysingane i Framtidsfylket vestland. Søknadsfrist for begge stillingane er 6. juli 2021

Dette er Vestlandsforsking

Forskingsrådgjevar

Har du lyst til å vere med å utvikle Vestlandsforsking vidare? Vi opprettar ei ny stilling som forskingsrådgjevar.

Vestlandsforsking ønskjer å tilsetje ein forskingsrådgjevar. Dette er ei nyoppretta stilling som inneber arbeid med rutinar knytt til forskings- og prosjektarbeid og inngår i administrasjonen saman med direktør, økonomirådgjevar, personalleiar og kommunikasjonsansvarleg.

Administrasjonen har ansvar for løn, rekneskap, budsjettarbeid, rapportering og analysar, og har ein viktig støtte- og kontrollfunksjon for prosjektarbeidet, i tillegg til oppgåver knytt til formidling og kommunikasjon. Den nye stillinga gir ei stor kontaktflate i heile organisasjonen.

 

Arbeidsoppgåver:

Instituttet deltek i regionalt, nasjonalt og internasjonalt finansierte prosjekt med ulike økonomi- og rapporteringsordningar. Overordna vil du ha ansvar for å oppdatere og utarbeide system og rutinar for forskingsarbeidet ved instituttet, til dømes knytt til open publisering, personvern og forskingsetikk. Dette inneber å koordinere og halde seg oppdatert på endringar i lovverk og krav frå Forskningsrådet og andre oppdragsgivarar, og ha tett dialog med andre delar av instituttsektoren og regionale aktørar.

Ei anna viktig oppgåve vil vere å støtte forskarane i søknadsarbeid, økonomistyring i prosjekt, øvrig prosjektadministrasjon og kontraktarbeid. Du skal òg hjelpe prosjektleiarane med budsjettutforming, rapportering og liknande. Dette er særleg viktig i større prosjekt, som EU-finansierte forskingsprosjekt.

Det vil vere ein fordel om du har kjennskap til fagområda våre og erfaring frå forskingsarbeid og forskingsadministrasjon.

Vi ønskjer oss kandidatar med fleire av desse kvalifikasjonane:

  • Relevant høgare utdanning (minimum mastergrad i til dømes juss, administrasjon, samfunnsfag, økonomi eller anna relevant masterutdanning)
  • Kjennskap til/erfaring med forsking og prosjektadministrasjon
  • Kunnskap om relevant lov- og avtaleverk
  • Erfaring med eksternt finansiert aktivitet og systemkrav til nasjonale og internasjonale prosjekt
  • Erfaring med rapporterings- og analyseverktøy
  • Evne til å hente ut relevant informasjon frå større datamengder og analysere desse
  • Gode språk- og skriveferdigheiter (nynorsk, bokmål og engelsk)

For å lukkast i stillinga må du ha evne til å arbeide nøyaktig, strukturert og sjølvstendig. Vi søkjer deg som er fleksibel, løysingsorientert og har evne til å samarbeide med andre. Du bør ha stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne. Du må kunne handtere ein hektisk arbeidskvardag med fleire ulike fokus. Fordi stillinga er nyoppretta, kan det vere aktuelt å utføre andre oppgåver enn dei nemnde etter ønskje og behov.  Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

Vestlandsforsking tilbyr interessante og utviklande arbeidsoppgåver, eit triveleg arbeidsmiljø, etablerte nettverk for fagleg samarbeid, bedriftsidrettslag og gode ordningar for pensjon, forsikring og velferd. Forskingsrådgjevaren rapporterer til direktøren ved instituttet. Løn etter avtale. Arbeidsstad er Sogndal.

For nærare informasjon om stillinga, ta kontakt med fungerande direktør Hans Jakob Walnum på hjw@vestforsk.no eller +47 95 89 90 32 

Søknad registrerer du på FINN-kode 221180243

 

Forskar innan industriell økologi og sirkulærøkonomi

Vil du forske på korleis vi kan løyse globale og lokale klima- og miljøutfordringar, gjennom sirkulærøkonomi, livsløpsanalysar og utsleppsberekningar?

Klima- og miljøgruppa til Vestlandsforsking i Sogndal har stor aktivitet på området klimaomstilling og ønskjer å tilsetje nye forskarar med eller utan doktorgrad.

Aktuelle forskingstema er analyse og handtering av klimarisiko, energiomstilling, klimatilpassing, industriell økologi, sirkulærøkonomi, berekraftig transport og forbruk.

Du bør ha fagleg forankring innan industriell økologi, livsløpsanalyse og utslippsberekningar, og ha god kompetanse på statistiske og kvantitative metodar. Søkjarar med relevant doktorgrad, forskarerfaring eller anna relevant arbeidserfaring vil bli føretrekte, men har du relevant mastergrad og ambisjonar om ein doktorgrad, oppmodar vi deg til å søke på stillingane.

Du må trivast med oppdragsforsking og tverrfagleg samarbeid. Vi legg vekt på at du jobbar sjølvstendig, har gode samarbeidsevner, stor gjennomføringsevne og god arbeidskapasitet. I tillegg er det viktig at du kan formulere deg godt, både munnleg og skriftleg, på norsk og engelsk.

Vi tilbyr fagleg interessante og utviklande oppgåver. Vestlandsforsking har eit godt, tverrfagleg arbeidsmiljø med om lag 30 forskarar frå fag som statsvitskap, samfunnsgeografi, økonomi og naturvitskap. Vi har velutvikla samarbeidsnettverk både regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Hjå oss får du mange motiverte medarbeidarar, fleksibel arbeidstid, høve til heimekontor og gode ordningar for pensjon, forsikring og velferd.

Løn etter avtale og kompetanse. Arbeidsstad er Sogndal.

For nærare informasjon om stillingane: Forskingsleiar klima og miljø, Halvor Dannevig: 97 67 63 97, hda@vestforsk.no eller gruppeleiar klima og miljø, Hans Jakob Walnum: 95 89 90 32, hjw@vestforsk.no

Søknad registrerer du på FINN-kode 221189279

 

Lyst til å ta ein doktorgrad om stordata?

Er du interessert i stordata (big data) og nysgjerrig på ein karriere som forskar? Vi ønskjer å tilsetje ein stipendiat som kan tenke seg å forske på stordata som verktøy for innovasjon i næringslivet i Vestland.

Vi har ei ledig stilling på feltet stordata i prosjektet Teknoløft Sogn og Fjordane – eit seksårig samarbeid mellom Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet. Prosjektet starta opp i 2018 og er finansiert av Forskningsrådet. Hovudmålet er å gje næringslivet tilgang til relevant forsking og utdanning i sin region.

Digitalisering, automatisering, robotikk og stordata vil vere blant dei store satsingsområda i næringslivet dei kommande åra, og ei grunnleggande forståing av teknologien vil vere avgjerande for utviklinga framover.

Kva faktorar som vil føre til verdiskaping frå stordata-teknologi i små og mellomstore bedrifter, er lite kjent. Det er behov for å auke kunnskapen om korleis stordata kan brukast i utviklinga av nye løysingar for bedriftene. Forskingsprosjekta tek sikte på å etablere ein kunnskapsplattform for bruk av stordata-teknologi i næringslivet i regionen, gjennom bruk av metodar frå maskinlæring og data-mining på reelle test-case.

Kvalifikasjonar

For å vere kvalifisert til ph.d.-stillinga, må du som eit minimum ha ein mastergrad i statistikk, matematikk, informatikk eller eit relatert område. Vi legg vekt på gode kunnskapar om maskinlæring, data-mining eller relaterte metodar. Det er ønskeleg at du har kjennskap til, og erfaring med, programmerings- og skriptspråk som til dømes Python eller R.

Du må trivast med oppdragsforsking og kunne inngå i faglege fellesskap på tvers av disiplinar. Vi legg vekt på sjølvstende, gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, arbeidskapasitet og evne til å inngå i faglege fellesskap på tvers av disiplinar. I tillegg er det viktig at du er i stand til å formulere deg godt, både munnleg og skriftleg, på norsk og engelsk.

Vi tilbyr fagleg interessante og utviklande oppgåver. Vestlandsforsking har eit godt, tverrfagleg arbeidsmiljø og har velutvikla samarbeidsnettverk både på regionalt, nasjonalt og internasjonalt nivå. Vi tilbyr fleksibel arbeidstid og gode ordningar for pensjons, forsikring og velferd.

Løn etter avtale. Arbeidsstad er Sogndal.

Søknad med CV og publikasjonsliste, karakterutskrifter/vitnemål og eventuelle attestar, kan og sendast til Vestlandsforsking, postboks 163, 6856 Sogndal

Søknadsfrist: 6. juli 2021

Vil du vite meir om stillinga? Ta kontakt med oss!

 

Trainee

Vestlandsforsking er med i Framtidsfylket sitt traineeprogram for Vestland med arbeidsgjevarar frå ulike fagfelt i både privat og offentleg sektor. Sjekk nettsida for meir info: https://www.framtidsfylket.no

Vi søkjer etter ein dyktig og motivert trainee med utdanning på minimum bachelor- eller masternivå innan fag som statistikk, informatikk eller matematikk, som er oppteken av stordata og innovasjon.

I traineestillinga vil du arbeide med fleire pågåande prosjekt innan forsking, utvikling og utgreiing som tek for seg spørsmål knytte til stordata. Kva faktorar som vil føre til verdiskaping frå stordata-teknologi i små og mellomstore bedrifter, er lite kjent. Vi har behov for å auke kunnskapen om korleis stordata kan brukast til å utvikle nye og innovative løysingar for bedriftene.

Som trainee ved Vestlandsforsking vil du vere ein del av ein fagleg fellesskap som går på tvers av fagdisiplinar og forskingsinstitusjonar i arbeidet med å få fram ny kunnskap og finne ut korleis samfunnet kan dra nytte av kunnskapen. Du vil vere med på både fagleg og administrativ gjennomføring av forskingsprosjekt, publisering og formidling av resultat. Du får dessutan vere med på å utvikle nye idear til prosjekt og skrive prosjektsøknader.

Sjå utlysninga og søk stillinga på nettsida til Framtidsfylket

For meir informasjon, kontakt:

Fungerande direktør Hans Jakob Walnum: hjw@vestforsk.no, 95 89 90 32

Professor Rajendra Akerkar, 91 68 56 07, rak@vestforsk.no

 

 

Fjord, fjell og snø, Sogndal
Fjella i Sogn innbyr til friluftsliv gjennom heile året. Foto: Bård Basberg

 

Om Vestlandsforsking

Vestlandsforsking er eit regionalt forankra forskingsinstitutt som utfører forskings- og utviklingsoppdrag for næringsliv og offentleg sektor. Vi arbeider med forsking innan tre hovudområde: klima og miljø, reiseliv og teknologi og samfunn. Forskarane våre utfører tverrfagleg og bruksretta forsking både på regionalt, nasjonalt og internasjonalt nivå. Vestlandsforsking har om lag 30 tilsette og ein årsomsetnad på rundt 25 millionar kroner. Vi held til i Sogndal i Vestland fylke.