Skal forske på maskulinitet i mannsdominerte dataspel-miljø

Menn som gamar
Ein såkalla "toksisk" eller giftig mannskultur eksisterer blant enkelte menn som brukar mykje av tida si på gaming. I denne kulturen er kvinner og feministske verdiar eit hatobjekt. Prosjektet "Understanding Male Gamers" tek sikte på å forstå meir av tankegangen til desse mennene. Foto: Fredrick Tendong, Unsplash

Blant menn som spelar dataspel, finst det ein maskulin kultur som står i opposisjon til framveksande krav om mangfald og inkludering. I eit nytt forskingsprosjekt med Universitetet i Bergen skal Vestlandsforsking bidra til større innblikk i korleis denne gruppa ser på seg sjølv og samfunnet.

Ein del unge menn brukar mykje av tida si på dataspel, og både spela og spelkulturen har vore oppfatta som ei «gutegreie». Men slik er det sjølvsagt ikkje lenger. I 2024 er heile samfunnet einige i at alle skal med, uansett kven dei er.

På denne arenaen byggjer mange mannlege gamerar eit bilete av seg sjølv som ei gruppe det ikkje er plass til i dagens samfunn. Blant dei mest ytterleggåande er det fremste hatobjektet kvinner, og feministiske verdiar er den største trusselen.

"Giftig" maskulinitet

Det er Hilde G. Corneliussen, leiande seniorforskar i teknologi og samfunn, som representerer Vestlandsforsking i det nye forskingsprosjektet med namnet Understanding Male Gamers. Det forskingsråd-støtta prosjektet starta opp i november 2023 og skal gå over fem år. Forskarane i prosjektet tek nettopp sikte på å forstå meir av tankegangen og kulturen i slike mannsdominerte gamingmiljø.

Mellom anna vil dei undersøke påstanden om at mannlege spelarar kjenner seg marginaliserte som følgje av at samfunnet legg stadig meir vekt på mangfald og inkludering på ulike arenaer.

– Vår studie skal forsøke å forstå korleis mannlege gamerar opplever dei aukande krava frå samfunnet om å vere inkluderande, seier Hilde G. Corneliussen, som sjølv har kjønn og teknologi som forskingsfelt.

– Samstundes kan vi ikkje generalisere når vi snakkar om gamerar. I spelmiljøa finn vi ei breitt samansett gruppe av både menn og kvinner. Men vi finn òg dei utfordrande gruppene: unge menn som representerer det vi på fagspråket kallar toksisk, eller «giftig», maskulinitet.

Del av eit senter for framifrå forsking

Prosjektet Understanding Male Gamers blir leia av professor Kristine Jørgensen ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen (UiB). Det har og med forskarar frå OsloMet og University of New South Wales i Australia – alle med særleg interesse for forsking på maskulinitet.

Kickoff i UMG
Frå oppstartsmøtet i forskingsprosjektet "Understanding Male Gamers" i Bergen. Foto: Ida Martine Gard Rysjedal (stipendiat i prosjektet)

Prosjektet er formelt ein del av eit senter for framifrå forsking (også kalla SFF) ved Universitetet i Bergen. Det nystarta Senter for digitale fortellinger spring ut av fagmiljøet knytt til digital kultur, der Hilde tidlegare var tilsett.

Statusen som SFF betyr ti års finansiering frå Noregs forskingsråd, frå 2023-33, for å jobbe med ambisiøs forsking på komplekse problemstillingar.

– SFF-ordninga gir gode ressursar til å utvikle forskingsmiljø. Det er sjølvsagt kjekt å få vere ein del av dette, og særleg at eg får sjansen til å samarbeide med tidlegare kollegaer, seier Hilde.

Samfunnet endrar spelverda

Saman med blant anna leiarane av SFF-en, Jill Walker Rettberg og Scott Rettberg, har Hilde skrive fagbok om dataspelet World of Warcraft, og er godt kjend med gamingkultur. I det nye forskingsprosjektet skal ho intervjue menn som brukar mykje tid på nettbaserte spel for å lære meir om korleis dei forstår og definerer maskulinitet.

– Denne tradisjonelle, maskuline subkulturen blir utfordra når nye idear om inkludering og mangfald gjer sitt inntog, forklarer Hilde. Målet er å forstå meir av korleis identiteten til desse mennene blir påverka når verda utanfor dataspela endrar seg.

Meiner vi treng å forstå mennene sitt syn

Forskingsprosjektet skal også sjå på samanhengen mellom spelmiljø og påstandar om mannleg marginalisering i andre deler av samfunnet, som mellom anna har kome til syne i høgreekstreme miljø. Målet er at studien skal munne ut i ein teori og betre forståing av kva det vil seie å vere mann i ein kultur der tradisjonelle former for maskulinitet blir utfordra, som forskarane meiner vi har for lite kunnskap om.

– Vi treng å forstå kva som er status i dag, ikkje berre for å gjere spelverda meir inkluderande, men fordi ekstreme uttrykk for maskulinitet under press òg påverkar samfunnet meir generelt, avsluttar Hilde.