Framtidas Hodlekve tema i nytt forskingsprosjekt

Rindabotn - Kyrre Groven
Det har skjedd store endringar i Rindabotn i Hodlekve dei siste åra, mellom anna når det gjeld utbygging av alpinløyper, hytter og tilhøyrande infrastruktur. Når Sogndal kommune går i gang med langsiktige planar for området, legg dei vekt på brei medverknad. Desse prosessane kjem Vestlandsforsking til å følgje gjennom det nye forskingsprosjektet "Integrate nature-based solutions". Foto: Kyrre Groven

Framtida til skiområdet Hodlekve skal utformast, og gjennom eit nytt, europeisk forskingsprosjekt leia av Vestlandsforsking, skal forskarane studere korleis Sogndal kommune inviterer innbyggarar med i prosessen. – Prosjektet handlar om å jobbe med naturbaserte løysingar på ein måte som gjer at fleire får stemma si høyrt. Vi skal òg utvikle ein metode som kan handtere interessekonflikt på ein konstruktiv måte, seier prosjektleiar Irmelin Gram-Hanssen.

Hodlekve er eit populært utfartsområde i Sogndalsdalen, berre ein kort køyretur frå regionsenteret. Det snøsikre skiområdet har fått mange nye hytter og alpinbakkar dei siste 15 åra, og fleire går med planar om meir. Men korleis kan Hodlekve bli eit godt område for alle som brukar det, samtidig som ein tek vare på naturmangfald, klima og miljø?

Slike spørsmål vil vere viktige når Sogndal kommune i 2024 går i gang med vidareutvikling av området, som i dag rommar skiløyper, alpinbakkar, hyttefelt og stølar. Ulike grupper ser for seg ulike ting for framtida. Der enkelte kanskje ønskjer seg butikkar og ein liten "drabantby" der ein kan bu året rundt, vil andre helst fryse utbygginga i Hodlekve etter mange år med ekspansjon.

Del av eit internasjonalt prosjekt

Vestlandsforsking skal følgje medverknadsprosessane knytt til Hodlekve si framtid gjennom eit internasjonalt forskingsprosjekt leia av seniorforskar Irmelin Gram-Hanssen. «Integrate nature-based solutions» startar opp parallelt med prosessen i Hodlekve. At det blei akkurat denne utviklingsprosessen forskarane skal følgje, handlar altså om timing: Det er dette Sogndal kommune, som er partnar i forskingsprosjektet, skal i gang med tidleg i 2024, og dermed blir det dette arbeidet forskarane følgjer.

Midlane til denne norske delen av arbeidet kjem frå Noregs forskingsråd. Parallelt skal det gå for seg forsking i Sverige, Polen og Spania i regi av andre partnarar: Nordregio, Lunds universitet, Basque Centre for Climate Change og Warsaw University of Life Sciences. Desse mottek støtte frå forskingsråd i andre land. Utlysinga forskarane har søkt på kjem frå den internasjonale forskingsordninga Driving Urban Transitions.

Integrate Nbs kick-off
Det norskleidde forskingsprojektet har partnarar i tre andre land: Nordregio og Lunds universitet i Sverige, Warsaw University of Life Sciences i Polen og Basque Center for Climate Change i Spania. Oppstartmøtet fann stad i Oslo i januar 2024.

Meir berekraftig utvikling

Det nye forskingsprosjektet tek utgangspunkt i konseptet «naturbaserte løysingar» og handlar om korleis ein kan innarbeide desse godt i samfunnsplanlegging for å bidra til ei meir berekraftig utvikling.

Naturbaserte løysingar

Løysingar på samfunnsproblem som hentar inspirasjon frå og byggjer på bruk av natur.

Har ofte fleire funksjonar og skal gje mange positive tilleggseffektar, t.d. å bidra til rein luft, fritidsaktivitetar, bevaring av kulturminne og -miljø, landskap, helsegevinstar, velvære og naturmangfald.

Miljødirektoratet tilrår at norske kommunar vurderer å bevare, restaurere eller etablere naturbaserte løysingar i planlegginga. Vel kommunane andre løysingar, må dei grunngje dette.

Kjelde: Miljødirektoratet (Statlege planretningslinjer for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing)

Naturbaserte løysingar er tiltak mot til dømes flaum eller tørke som byggjer på naturen sine egne funksjonar og prosessar. Det kan dreie seg om eit regnbed eller om «smarte» leikeplassar som er laga slik at dei fyller fleire funksjonar. Dette eit eit viktig poeng ved slike løysingar, for i tillegg til å for eksempel dempe flaum, er det meininga at løysingane skal bidra positivt til andre viktige mål: auke naturmangfaldet, redusere utslepp av klimagassar og helst bidra positivt når det gjeld sosial rettferd.

Dei svakaste stemmene

Sjølv om kommunar jobbar godt med naturbaserte løysingar i Noreg og mange andre land, er det ikkje alltid lett å hente ut det fulle potensialet i løysingane, seier Irmelin. Det gjeld særleg dette med å sikre sosial rettferd i utviklingsprosessane.

– Dels kjem det av at avgjerdsprosessar kan vere vanskelege å ta del i for folk flest. Ein annan grunn er at ujamne maktforhold bidreg til at dei svakaste stemmene ikkje blir høyrde, seier prosjektleiar Irmelin Gram-Hanssen.

Prosjektet går over tre år, og undervegs skal ho og dei andre forskarane utvikle ein metode for korleis prosessane rundt naturbaserte løysingar kan gjerast meir inkluderande.

– Det vil føre til at både prosess og resultat bidreg til større sosial rettferd og samhøyrigheit på dei stadene der ein utviklar løysingane, seier Irmelin.

Arbeidsverkstader på seks plassar

I kvart av dei fire landa prosjektet dekker, skal forskarane gjennomføre arbeidsverkstader og utvikle eit opplæringsprogram for å dele resultata med fleire.

– På desse arbeidsverkstadene ønskjer vi at folk skal ta av seg den profesjonelle "hatten", og møtast som enkeltmenneske, ikkje først og fremst som grunneigar, utbyggar, planleggar eller nabo. På det viset håpar vi å styre unna vanetenking og fordommar, og legge til rette for ei opnare meiningsutveksling, forklarer prosjektleiaren.

Halvor, Irmelin og Kyrre
The project is managed by Irmelin Gram-Hanssen. Halvor Dannevig (left) and Kyrre Groven also have key roles. Photo: Idun A. Husabø

"Integrate nature-based solutions" legg til grunn ei tilnærming der ein må nytte ei heilskapleg tilnærming for å kunne endre samfunnet – på tvers av både praktiske, politiske og personlege aspekt.

På arbeidsverkstadene, som òg vil finne stad i Sogndal, ønskjer prosjektleiaren at dei som deltek skal drøfte idéar og visjonar i eit heilskapleg og langsiktig perspektiv:

– Synet på kva Hodlekve bør vere, er delt. No skal kommunen lage ein plan som går 35 år fram i tid, så visjonane folk vil dele for staden, kjem til å romme mykje ulikt, seier Irmelin.