Bror er ny trainee: skal forske på og skrive om klima

Bror Kristian R. Tandberg
- I Vestlandsforsking samarbeider ein tett med institusjonar med beina godt planta på bakken, så eg gler meg til å forske til nytte for folk og bidra til at ny kunnskap kjem ut i verda, seier Bror Kristian Ranaas Tandberg, som starta som trainee i slutten av august. Bror deltek på samlingar i regi av Framtidsfylket, og vil vere knytt til klima- og miljøgruppa ved instituttet. Foto: Idun A. Husabø

For Vestlandsforsking sin ferskaste tilsette, 27 år gamle Bror Kristian Raanaas Tandberg frå Drøbak, blei pandemien ei tid med store kontrastar. Etter eit fire månader ute-eventyr i Nord-Norge, flytta han til den danske hovudstaden akkurat då landet atter stengde. Bli kjend med klima- og miljøgruppa sin nye trainee, som brenn for klimahandling og har ein uvanleg god penn.

Munnbindet, meteren og sosialisering via skjerm var blitt ei vane då Bror og kjærasten hans fekk nok og bestemde seg for å reise på tur. I august 2020 pakka studentparet telt, soveposar og varme klede og reiste til Finnmark. Første mål var Øvre Anárjohka nasjonalpark, tett på den finske grensa, området der elva Kárášjohka har sitt utspring. For å kome dit måtte dei både køyre buss, taxi og firhjuling og til slutt ta beina fatt. Oppakninga, som inneheldt ein kano, var så stor at dei måtte ta fleire turar att og fram for å få med seg alt. Så kunne eventyret ta til. Til saman blei det 25 dagar med brusande elver, tromming på teltduken og knitrande bål.

– Det var mykje slit, og vi kunne ha førebudd oss betre, men det var ei fantastisk oppleving! Vi lærde mykje, fortel Bror.

Bror i kano
Fire månader av pandemien gjekk med til utandørs-liv i Nord-Norge for Bror og kjærasten Tine. Her frå kanoturen ned langs elva Kárášjohka i august og september 2020. Foto: Tine Sille Svendsen

 

Då elva var padla til endes var september over, og det venta andre turar i Finnmark og Troms, til dømes på Sørøya, ved Nordkapp, i Kvænangen og i Lyngen. I tillegg til å hauste det som veks i fjellet, utnytta dei ein annan ressurs: mat som var kasta, men likevel kunne etast.

– Vi tørka grønsaker og lagde tette energibarar på skulebollar og nøtter. Til saman brukte vi berre tusen kroner på mat på fire månader, humrar Bror.

Sjølv om det er nødvendig for studentar å leve billig, handlar søppeldykkinga om noko viktigare – å ta vare på det naturen gir i staden for å sløse. Både Bror og sambuaren Tine har eit sterkt engasjement for klima og natur.

Danmark stenger ned

Etter å ha skåna seg for mykje av det isolerte innelivet den første koronahausten, venta ein brå overgang då paret flytta til København ved årsskiftet. Eit par dagar etter at dei flytta inn i sin nye heim, eit kollektiv med åtte personar, stengde den danske regjeringa landet heilt ned. Dermed var det berre å bli i husværet i Vesterbrogade, ein av Københavns travlare gater. Etter månadene i det fri, under stjerner og nordlys, blei kontrasten stor.

– For å toppe det heile hadde ein kjend dansk rappar nett flytta inn i etasjen over. Medan vi åtte i kollektivet satt på heimekontor i åtte ulike førelesningar, banka rapparen ned veggane i det som skulle endrast frå ein 8-roms til ein 3-roms leilegheit. Det innebar litt murpuss på nokre dataskjermar nede hjå oss,  ler Bror.

Bror på Nes
Det første møtet med nye kollegaer fann stad på Nes i Luster. Torbjørn Selseng (til høgre) blir ein viktig samarbeidspart for Bror i Norsk klimamonitor. Foto: Idun A. Husabø

I København fekk han starta på kurs som skulle munne ut i ein tverrfagleg mastergrad i internasjonale miljøstudiar frå Norges Miljø- og Biovitenskapelige Universitet (NMBU). Han fekk òg med seg eit halvår ved den norske ambassaden i København, der han mellom anna lærde å ta imot viktige gjester og ete mykje kake.

GPS-stemma i klimapolitikken

I København henta han òg idear til masteroppgåva, der han valde å samanlikne Norge og Danmark på eit spesifikt punkt: kva det betyr for den nasjonale klimapolitikken at landet har eit klimaråd. Dette er eit statsfinansiert organ som har fått i mandat å ettersjå politikken når det gjeld utslepp av klimagassar.

– Danmark har eitt av dei sterkaste klimaråda i europeisk samanheng. I Norge har vi derimot ikkje noko klimaråd, og eg såg på kva det kan bety, forklarer Bror.

Blant det Norge då går glipp av, fann han ut, er ein løpande kommentatorfunksjon.

– Det eg kallar «GPS-stemma» var eit veldig påfallande funn, altså at det danske klimarådet stadig kommenterer regjeringa sine avgjerder og får fram kva følgjer dei ulike vegvala kan få. Det ser ut til å leggje eit press på regjeringa til å handle.

Trur ikkje kutta kan overlatast til teknologien

Bror og den danske sambuaren hans søkte seg aktivt ut i distrikta då dei skulle ut i arbeid. Dei har begge budd i Sogndal tidlegare, og då ho fekk jobb i klimaseksjonen i Vestland fylkeskommune, var saka grei. Frå deira nye heim på Barsnes aust for Sogndalsfjøra, har Bror ein behageleg sykkeltur til jobb mellom beitemarker, frukthagar og kvite hus, over brua og langs den nye sykkelstien til campus. Elles er han ofte å sjå i området på eit par gule plankar eller i ein grøn kajakk.

I sommar, før flyttinga, forserte dei Sørlandet på sykkel, heile vegen frå Ås til Stavanger, i blanda vêr og med fleire sykkeltekniske utfordringar. Den strabasiøse ferda enda på Oljemuseet i Stavanger, der Bror rakk å gjere seg opp kritiske tankar om ei utstilling om det grøne skiftet, med tittelen «KUTT!». Turen gjekk tilbake med tog, og Bror sette seg ned for å skrive. «Vi kan ikke tro at vi kan ture fram som før og overlate kuttene til teknologien», skriv han i innlegget, som Klassekampen publiserte 25. juli.

Klimamonitor og klimabudsjett

I kvardagen hans ved Vestlandsforsking kjem ei anna side ved klimaendringane til å stå i fokus, nemleg tilpassing av samfunnet til klimaendringar. Bror blir ein av medarbeidarane med ei rolle i Norsk senter for berekraftig klimatilpassing (Noradapt), som Vestlandsforsking driv på vegner av åtte fagmiljø ulike stader landet. Der skal han særleg jobbe med Norsk klimamonitor, ei teneste som har til mål å fylle ut biletet av korleis det eigentleg går i ulike samfunnssektorar med førebygging av skader frå meir ekstremvêr, meir regn og uregjerleg vêr. Funn frå desse undersøkinga har fleire gonger nådd spaltene i norske aviser, sist etter ekstremvêret «Hans», då Noradapt la fram ei rangering av klimatilpassinga i alle landets kommunar, til oppslag over heile landet. Å omsetje og formidle det kvar undersøking viser, i form av nettartiklar og infografikk, blir ei av oppgåvene til Bror det neste året.

bror presentasjon
Bror presenterer bakgrunnen sin for klima- og miljøforskarane ved Vestlandsforsking. Foto: Idun A. Husabø

Klimaomstilling blir òg eit tema i prosjektet Klimabusjett 2.0, der forskarar ved Universitetet i Bergen og Vestlandsforsking støttar Vestland fylkeskommune og kommunane Asker, Trondheim og Sogndal i klimaomstillinga. Forskarane utviklar verktøy kommunane treng i arbeidet sitt med klimaomstilling. Desse skal ein seinare dele med andre fylke og kommunar.

Prøve forsking og bringe det ut

Undervegs kjem Bror til å måtte formidle viktige poeng frå forskinga, og det har han gjort før. Etter å ha levert bacheloroppgåva si, sette han seg til dømes ned og skreiv i magasinet Røyst om den såkalla «makrellkrigen» i Nordaust-Atlanterhavet, der kvoteforhandlingane mellom Noreg, EU, Island og Færøyane gjekk i lås.

I fjor vart han teken opp i Klassekampen-akademiet, som dyrkar fram nye spaltistar, og har fleire gonger hatt tekstar på trykk. Som då han dvelte ved all hjelpa frå snille forbipasserande på sykkelturen langs sørlandskysten under tittelen «Hell i uhell», eller då han oppsummerte det viktigaste funnet i masteroppgåva i kronikken «Veien til målet».

– Det er spennande å fordjupe seg i viktige tema, og viktig at forskingsfunn kjem fram til folk. I Vestlandsforsking samarbeider ein tett med institusjonar med beina godt planta på bakken, så eg gler meg til å forske til nytte for folk og bidra til at ny kunnskap kjem ut i verda.