27 gode år: – Eg har alltid sett fridom og fleksibilitet høgst

Svein med eple
Eplehausting har alltid vore ein fast følgjesvein til jobben som IT-forskar. Etter at Svein gjekk av med pensjon i haust, har han og kona plukka ei eventyrleg avling av Discovery-eple på Barsnes. Foto: Idun A. Husabø

Det var rolla som driftsteknikar Svein Ølnes såg for seg ved sitt første møte med Vestlandsforsking. I staden enda han opp med å jobbe 27 år som forskar, spesialisere seg på bitcoin og bli ein medievand autoritet på feltet. – Eg har alltid sett fridom og fleksibilitet høgst, seier Svein om dei 27 åra sine ved instituttet.

«Kunne du tenke deg å vere forskar i staden?» Spørsmålet han fekk, nokså uventa, på eit jobbintervju i 1996, endra kursen på karrieren hans. Svein hadde søkt ei stilling som driftsteknikar innan IT ved det nokså nye forskingsinstituttet i heimbygda. Det hadde òg ein annan solid kandidat, og leiinga ved instituttet ville tilsetje begge – men Svein som forskar.

Som mange andre ved instituttet var Svein utdanna ved Norges landbrukshøgskole på Ås. Han hadde nokre år bak seg i Landbruksdepartementet og hadde sidan vore tilsett ved fylkesarbeidskontoret (seinare Nav), der han jobba med IT-drift.

Sjølv om spørsmålet om å bli forskar kom bardus på, tok han sjansen.

– Eg måtte jo tenke meg litt om. Men eg tenkte, litt flåsete sagt, at eg kan jo både lese og skrive – kor vanskeleg kan det vere? Og så takka eg ja, ler Svein.

Fast bestemt på å slutte

Så heiv han seg ut på djupt vatn, då, og fekk eit dørskilt der det stod «forskar». Arbeidsstaden var på alle måtar eit ungt institutt, og forskargruppa hans talde fire-fem personar. Men medan hans næraste kollega, Ivar Petter Grøtte, var «høgt og lågt» med EU-finansierte samarbeid, starta Svein utan eit einaste prosjekt. Dag ut og dag inn sat han på kontoret sitt, som ein ulukkeleg karakter i eit Jon Fosse-stykke.

Terje og Svein
Terje Aaberge og Svein i aviskroken på Vestlandsforsking, der Svein var ein hyppig gjest. - Terje var mentoren min og hadde sterk innverknad på framhevinga mi av fridom og fleksibilitet, seier Svein. Foto: Vestlandsforsking

– Eg sat og venta på noko, men visste ikkje kva eg venta på, seier han. Etter eit halvår på denne måten var han fast bestemt: Dette var eit feiltrinn. Han skulle tilbake til sin tidlegare jobb.

Slik blei det likevel ikkje. Til slutt innsåg Svein at han blei nøydd til å ta tak i situasjonen. Han kom over ei utlysing av ein evalueringsjobb på eit stort, statleg prosjekt kalla Forvaltningsnett. Han ringde ein byråsjef han kjende frå tida i Landbruksdepartementet for å få gode råd, og gjekk så smått i gang med ein søknad, sende inn – og fekk tilslag. Svein hadde hanka inn sitt aller første prosjekt, verdt over ein million kroner.

– Då vart alt forandra. Då snudde det, fortel Svein. Seinare har han bore med seg denne opplevinga gjennom alle åra som tilsett.

– Eg har tenkt på det kvar gong nye folk har kome inn, og fortalt mange nytilsette om denne erfaringa fordi eg trur dei kjenner på ein del av det same.

Ei rolle i Norge.no

Like før tusenårsskiftet hende det store ting i forvaltninga i Sogn og Fjordane som fekk mykje å seie for Svein og dei andre IT-forskarane. Sogn og Fjordane sin kløktige fylkesmann, Oddvar Flæte, var blant dei som ivra for å få lagt ei ny informasjonsteneste til administrasjonssetet Leikanger. Tenesta var omtalt i rapporten «Inngang Norge», som sette døra på gløtt for å plassere oppgåvene hjå ulike etatar. Ein av dei var Statens informasjonsteneste i Oslo, men sidan utflytting av arbeidsplassar frå Oslo var eit tema, var Bondevik I-regjeringa opne for alternativ.

Forskingsdagane
Forskingsdagane er ein av fleire arenaer der Svein har delt kunnskapen sin. Etterkvart har han fått eit namn i riksmedia når det gjeld digitale pengar.

Svein sitt bidrag var å forsyne dei offentlege entreprenørane i fylket med verbalt skyts, ettersom han skreiv ei evaluering av «Inngang Norge».

– Evalueringa blei brukt som høyringssvar, og argumenta derifrå blei brukte av nøkkelpersonar som Oddvar Flæte og Jan Øhlckers i KS, forklarer Svein.

I 1999 blei det klart: Norge.no skulle leggast til Sogn og Fjordane, og Svein Ølnes fekk rolla som teknisk prosjektleiar i prosjektet som la grunnsteinane til Norge.no. Etter først å bli administrativt plassert under Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, vart Norge skilt ut som eigen organisasjon i 2005 og slått saman med Statskonsult til Difi i 2008. I dag heiter organisasjonen  Digitaliseringsdirektoratet og har 130 arbeidsplassar og toppleiinga si på Leikanger.

Velkommen til Nauda

Kor vanskeleg det enn er å sjå for seg: På denne tida var Internett framleis ganske nytt. Ikkje berre staten hadde hast med å utvikle gode nettsider – det hadde òg kvar einaste kommune. Svein hugsar det tidlege 2000-talet som «ei tid med enorme ambisjonar», der mykje til sjuande og sist kokte ned til innkjøpssamarbeid. I kjølvatnet følgde små og store oppdrag for Vestlandsforsking, der IT-gruppa hadde vakse til rundt ti personar.

Mange oppdrag handla om å utvikle kriteriesett for nettsider, altså ei detaljert bestilling til firmaet som skulle byggje nettsida. Det siste var vesentleg for å få sider som ikkje berre såg bra ut, men faktisk fungerte. Svein og kollegaene hans blei freista til å få fram dette poenget på ein høgst utradisjonell måte. Redaktøren for Norge.no hadde sendt Vestlandsforsking eit kriteriesett han hadde fått frå Statskonsult til gjennomsyn, og forskarane bestemte seg for å følgje det til punkt å prikke for å vise kor feil resultatet kunne bli.

Dermed vart Nauda fødd – ein fiktiv kommune på randa av kollaps, men med landets lekraste nettside. Dette var i «Jern-Erna» si tid, då mange kommunar hamna på den frykta Robek-lista. Også motivet i kommunevåpenet var difor symbolladd, og forskarane valde ein mann som var i ferd med å drukne. Dei hadde det òg ustyrteleg moro med å tildele kvarandre roller, som ordførar og rådmann.

– Nauda.no hadde 20 i stil, men null i innhald. Ho skåra fullt hus på kriteria, men hadde i realiteten null kvalitet, ler Svein.

Forskarane fekk ikkje berre fram poenget; dei fekk òg oppdraget med å lage eit betre kriteriesett i samarbeid med Statskonsult og Norge.no

Ord folk forstår

Høgare kvalitet på nettsider heldt fram som den raude tråden i Svein sine oppdrag, og søk på sidene var eit viktig punkt. Men viss folk skulle finne informasjonen dei leitte etter, måtte det offentlege bruke dei same orda som innbyggjarar flest.

Frå 2005 trekte Norge.no Vestlandsforsking inn i Livs-IT, staten sitt arbeid med å prøve å sjå ulike tenester frå brukarane sin ståstad i staden for å byggje på etatane sin indre logikk og sjargong.

– Det var eit opplagt behov, og særleg kommunane fatta interesse, hugsar Svein. Prosjektet etablerte eit felles begrepsapparat som gjekk på tvers av både sektorar og nivå.

Det komande tiåret tok veldig mange kommunar begrepsapparatet i bruk. Når folk søkte etter til dømes «bilsakkyndig» på vegvesen.no eller etter «boss» på kommunen si nettside, fekk dei dermed brukbare treff. Også sjukehusa var med på dette løftet. I kommunane var ein begeistra, men entusiasmen var mindre i statlege etatar.

– Ideen var god og er framleis god, men alle slike samarbeidsprosjekt er vanskelege fordi dei fell mellom stolar. Staten betalte, men etatane var ikkje særleg interesserte, seier Svein.

Innsbruck VF-tur
Då Vestlandsforsking fylte 30 år i 2015, vart det markert med ein togtur frå det nordlege Italia til Austerrike. Her frå Innsbruck. Svein står heilt til venstre i biletet. Foto: Kyrre Groven

Samfunnsbygging gjennom IT-forum

Før samanslåingar både av fylke og institusjonar for høgare utdanning, var Sogn og Fjordane stolt av eit uvanleg nært samarbeid mellom offentlege aktørar, mellom anna på IT-feltet. Mykje føregjekk innanfor organisasjonen IT-forum, der Vestlandsforsking hadde rolla som sekretariat. Ein del av det IT-forum gjorde på 2010-talet, var rein samfunnsbygging. Takka vere solide søknader, rulla dei ekstra breiband-millionane som gav breiband og seinare fiber til små bygder og grender i fylket.

– IT-forum har vore viktig for å trekke med kommunar i nye IT-satsingar, både breiband, velferdsteknologi og digitalisering generelt, seier Svein.

I forlenginga av dette samarbeidet lukkast dei same aktørane med å blåse nytt liv i IT-utdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Innsatsen vart inspirert av ein studietur til India, der det var tydeleg kor viktig utdanningstilbodet var for at IT-næringa skulle blomstre. I dag kan studentar ved Høgskulen på Vestlandet ta bachelorgraden i IT både i Førde og Bergen.

Oppdaga Bitcoin

I den grad karrieren til Svein inneheld eit vendepunkt, finn vi det i 2011, det året Svein fekk høyre om det nye fenomenet Bitcoin. Når han skal forklare det som hende då han byrja å studere det, viser han ofte til Alice i Eventyrland: «Det var som å dukke ned i kaninholet og oppdage stadig nye verdenar – den eine leier til den neste – og så aldri komme opp att», sa Svein i eit intervju i 2020.

Bitcoin
Den første desentraliserte kryptovalutaen, med mystisk opphav i 2008, blir ofte framstilt slik. I realiteten finst bitcoin berre i digital form.

Den elles sunt skeptiske forskaren, som hadde følgt med på internettalderens mange opp- og nedturar, var no fascinert av blokkjedeteknologien og den nye kryptovalutaen og nytta spelerommet og fridomen i forskararstillinga til å utforske temaet vidare. Medan han jobba i frukthagen, hadde han podcastar på øyret og grubla over korleis offentlege etatar kunne dra nytte av teknologien eller korleis den store interessa hans kunne brukast i framtidige forskingsprosjekt.

«Di meir du grev, di meir oppdagar du kor stort dette er og kor mykje det rommar», har Svein sagt om det som har vore hovudinteressa hans dei siste 12-13 åra ved Vestlandsforsking.

For å kome til botnen av korleis Bitcoin fungerer, melde han seg opp som student ved University of Nicosia, fullførde ein mastergrad i digital valuta og tok initiativ til å gje ut «Den vesle boka om bitcoin» på forlaget Skald, med økonomisk støtte frå mellom andre Fritt Ord og Vestlandsforsking. Den populærvitskaplege boka som Svein omsette frå engelsk, forklarer enkelt «kvifor Bitcoin har vore ein økonomisk revolusjon og eit teknologisk gjennombrot».

Studentar
Svein er særleg glad for at mange kvinnelege studentar valde nettkurset hans ved HVL. Foto: Anders Huke

Ei plikt å delta i debatten

Svein innførte bitcoin som betalingsmiddel i vinlotteriet på jobb og demonstrerte eitt år, framfor eit forventningsfullt publikum på Forskingsdagane, ein live-transaksjon i bitcoin frå 4. til 5. etasje i det nye Høgskulebygget. Han utvikla eit nytt kurs – «Bitcoin, blokkjedeteknologi og den digitale økonomien» – ved Høgskulen på Vestlandet og har hatt bistilling ved NTNU, fakultet for økonomi, der han utvikla eit nettbasert kurs i kryptovaluta og blokkjedeteknologi.

Medan mange let bloggane sine visne bort, heldt Svein det gåande for fullt, slik han har gjort sidan 2005 – men no med mindre om bilar, bøker og jazz og meir om blokkjede, bitcoin og kryptovaluta. Den velformulerte forskaren sende debattinnlegg til Dagens Næringsliv, og vart stadig oftare kontakta av riksmedia, der han etter kvart blei ein fast Bitcoin-kjennar. Debattinnlegga vart til kronikkar der Svein argumenterte for Bitcoin som vern mot eit dystopisk overvakingssamfunn og ein måte å gje verdas 1-2 milliardar banklause menneske tilgang til pengeoverføring på. Han kopla Bitcoin til menneskerettar og parerte kritikk frå miljøhald med at bitcoin var «straumsystemets gjødselbille».

Svein i Oxford
Svein har alltid sett pris på å lese. Her i Oxford i 2014.

Ikkje alle var positive til bodskapen hans. I tillegg til kritikken om unødig energibruk, fekk Svein motbør for å utfordre det etablerte banksystemet. Enkelte skulda han òg for å blande roller, ved at han som forskar entusiastisk omfamna sitt eige studieobjekt.

Svein stilte med rak rygg for å debattere dette, både i NRK-program som «Ekko», «Studio 2» og «Trygdekontoret» og i spaltene til Morgenbladet og Dagens Næringsliv. Svein er elles den einaste ved Vestlandsforsking som har figurert to gonger i Dagens Næringsliv si eksklusive spalte «På nattbordet», der intervjuobjektet avslører kva for bøker dei les – kanskje fordi han les ein heil del og er ivrig etter å dele nye tankar med andre.

– Eg tykkjer ein som forskar har plikt til å delta i samfunnsdebatten. På det punktet har eg hatt kollega Carlo Aall som førebilete, sa Svein då han vart takka av på arbeidsplassen i oktober.

eplepressing
Svein har fleire gonger invitert kollegaer til sjølvplukk og eplepressing. Her med Kyrre Groven.

Sjølv om Svein si faglege hovudinteresse òg vart teken opp i forskingsprosjekt og vitskaplege artiklar, gjekk det trått med å lande dei store prosjekta om blokkjedeteknologi. Kanskje i frykt for å hamne der han var som nytilsett, ventande på eit kontor, valde Svein difor å framskunde pensjon. I tillegg til å kunne vie seg til garden, barnebarn og sin nypensjonerte ektefelle, kan han då fokusere endå meir på undervisning og vidareutvikling av Bitcoin-kurset på Høgskulen på Vestlandet – ei oppgåve han set høgt.

Problemløysing i hagen

Det næraste Svein kom til å jobbe med utdanninga si i alle åra ved Vestlandsforsking, var den gongen IT-forskarane utvikla informasjonssystemet Hagis, som hjelpte fruktdyrkarar med å unngå soppen epleskurv. Prosjektet innebar å installere vêrstasjonar som sende ut varsel per tekstmelding. Dette er over 20 år sidan, men stasjonane står der framleis, sjølv om Hagis er erstatta av nyare system.

Svein har sjølv dyrka eple på garden heime på Barsnes sidan han og kona Marta Kari tok over, men sauer har dei ikkje hatt på nokre år. Å kombinere gardsarbeidet med forsking har han alltid sett pris på.

– Mangesysleriet har vore eit kjenneteikn på mange her i distriktet, og eg har tykt det var godt å ha noko praktisk å gjere ved sida av å sitje og lese og skrive. Det er ikkje slik at ein stengjer heilt att; det kvernar og går, og det hjelper ein i arbeidet, seier han.

Nesten kvar dag i karrieren sin har han kjent på dette, kor tilfredsstillande det er å jobbe fram løysingar på problem.

– Det er litt det same som å vere forskar. Eg har hatt stor nytte av denne vekslinga mellom teori og noko dønn konkret.

Svein med feit bil
Interessa for bil er blant det Svein kan bruke meir tid på i sitt nye liv som pensjonist. Under ein familietur til Dolomittane i haust leigde han dette gliset, som ei svært forseinka 50-årsgåve frå syskena.
- For bilinteresserte er det ein Chevrolet C8 Cab, opplyser Svein.

 

Sidan han gjekk av med pensjon er plukking av økologisk Discovery og Aroma blant det som har hindra han i å kjenne etter korleis det er å vere pensjonert. Sjølv om han ikkje er det spor nostalgisk over sin eigen avgang, er han ærleg på at det er éin ting han vil sjå tilbake på med ei viss ømheit – trass i det som no ventar av kvalitetstid i eplehagen, pass av barnebarn og turar til Kåkonomics, jazzfestivalen i København og Dolomittane.

– Lunsjen! Å setje seg ned og prate med dei eg jobbar med – det kjem eg til å sakne.