Stor oppslutning om Fjordkonferansen

forskarar i fine klede framfor eit hotell
Enkelte av deltakarane frå Sogndal på Fjordkonferansen 2022 i Loen: Jon Gunnar Nesse (HVL), Øyvind Heimset Larsen, Anna Maria Urbanik-Brekke, Hans Jakob Walnum, Svein Ølnes.

Også i år deltok mange ved Vestlandsforsking på Fjordkonferansen, der forskarar frå høgskular, universitet og forskingsinstitutt på Nordvestlandet kjem saman for å dele kunnskap om tema dei forskar på, gjerne på norsk, og for å diskutere og lære av kvarandre. Også i den siste utgåva av Fjordantologien er instituttet sterkt representert.

Fjordkonferansen er blitt ein fast post for mange forskarar på Nordvestlandet, og ikkje berre dei som har regional utvikling som tema for forskinga si. Konferansen blei først arrangert i 2013 og er eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda, Høgskolen i Molde, NTNU i Ålesund, Høgskulen på Vestlandet, Møreforsking og Vestlandsforsking. I tillegg er Sparebanken Møre medarrangør.

Vestlandsforsking sine innlegg på 2022-konferansen:

  • Beredskap på tvers. DAB-teknologi for befolkningsvarslig i område som Åkneset. Anna Maria Urbaniak-Brekke, Øyvind Heimset Larsen og Ivar Petter Grøtte
  • Can Bitcoin’s Energy Use Be the Solution and Not the Problem? Bitcoin as a Demand Response Instrument for Balancing the Energy Grid. Svein Ølnes
  • Betydninga av nyskaping i rurale bedriftsnettverk: Lærdommar frå 18 typedøme i seks land. Øyvind Heimset Larsen, Ingjerd Skogseid, Jon Gunnar Nesse
  • Hva er sirkulær økonomi og hva er bærekraftig sirkulær økonomi? Hans Jakob Walnum og Fredrik Moltu Johnsen
  • Livsløpsberekraftsanalyse - eit verkty for å synleggjera berekraft. Fredrik Moltu Johnsen

På årets utgåve av Fjordkonferansen, 16.-17. juni i Loen, var det fem innlegg og sju namn frå Vestlandsforsking. Både felta teknologi og samfunn og klima og miljø var representerte, med høvesvis tre og to innlegg.

Ein mjuk start

Aktualitet for regionen er eit viktig kjennemerke, og konferansen har eit overordna tema kvart år. Dei tre siste åra har det spent frå stadutvikling til berekraft og, i år, nyskaping.

Eit anna verdsett trekk ved Fjordkonferansen er at den for nye forskarar fungerer som ein mjuk start. Å publisere på norsk i Fjordantologien kan vere enklare enn å gå rett på internasjonale vitskaplege tidsskrift med høge krav.

– Dette er ein av få arenaer der forskarar i ein region av landet, over tid, kan formidle akademisk på norsk og publisere i eit format som er ope for lesaren, seier mangeårig deltakar Øyvind Heimset Larsen.

Nettopp dette gjer ein god dei av deltakarane, og får omarbeidde versjonar av innlegga sine gitt ut som kapittel i dei årlege Fjordantologi-bøkene. Svein Ølnes ved Vestlandsforsking deltok både i 2021 og 2022 og har fått sine kapittel på trykk. Han var imponert over kor grundig prosessane knytt til fagfellevurderinga var.

– Å publisere i Fjordantologien står slik sett ikkje tilbake for å publisere i internasjonale vitskaplege tidsskrift, seier teknologiforskaren.

Ope tilgjengeleg antologi

Innlegga frå førre konferanse blir kvart år publiserte i bokform, i årsskriftet Fjordantologien, der norsk er det dominerande språket. I tillegg kan alle desse tekstane lesast fritt på nettet av alle interesserte. Fjordantologien 2022, redigert av Heidi Hogset, Johanne Alteren, Bjørn Jæger og Solveig Straume, har tittelen «Bærekraft» og inneheld fleire bidrag frå Vestlandsforsking.

– Eg synst vi skal vere nøgde med innsatsen når seks av 15 kapittel i årets antologi har namn frå Vestlandsforsking, seier seniorforskar Agnes Brudvik Engeset, som i fjor skreiv om overturisme og innskrenking av allemannsretten ved dei mest populære reisemåla saman med kollega Anna Maria Urbaniak-Brekke.

 

Samandraga av kapitla våre er gjengitt nedanfor:

Naturmangfald og klimatilpassing blir borte i vektlegginga av klimagassutslepp: Eivind Brendehaug, Kyrre Groven og Torbjørn Selseng

Noreg skal både kutte klimagassutsleppa og innfri FNs berekraftmål, men regjeringa har ikkje vurdert korleis klimapolitikken påverkar vilkåra for å nå berekraftmåla. Vi må sjå klimagassutslepp, naturmangfald, klimatilpassing og energiomstilling i samanheng, slik at tiltak bygger opp om, og ikkje motverkar, kvarandre. Analyse av statlege styringsdokument og støtteordningar viser at samspeleffektar er lite påakta, og at klimatilpassing og bevaring av naturmangfald er nedprioriterte politikkområde.

«Det er kjekt med turistar, men vi må ha litt kontroll på det» – om sosial berekraft i norsk distriktsreiseliv: Agnes Brudvik Engeset og Anna Maria Urbaniak-Brekke

I kapittelet vert reisemålet Stadlandet drøfta gjennom omgrepa overturisme og sosial berekraft. Målet er å undersøke sosial berekraft i form av livskvalitet blant innbyggarane og kva som må til for å betre livskvaliteten. Tilgang på natur gjennom allemannsretten er viktig i norsk reiseliv, men i 2020 vart retten innskrenka på Stadlandet på grunn av auka turisttrafikk og belastning på naturen. Funna viser at innbyggarar etterspør betre tilrettelegging for turisme som ei meir langsiktig løysing, enn kva innskrenkinga av allemannsretten representerer.

Mann i trapp i høgskulemiljø
Øyvind Heimset Larsen har hatt bidrag på mange utgåver av Fjordkonferansen. (Foto: Monica Brugrand)

Korleis vinne lokalsamfunnets aksept for produksjon av energi frå vasskraft og fjordvarme? Lærdommar frå tre typedøme: Jon Gunnar Nesse, Øyvind Heimset Larsen og Johannes Idsø

Det grøne skiftet krev ein kraftig auke i produksjonen av fornybar energi. Samstundes har motstanden mot til dømes vindmøller vorte formidabel. Som kraftfylke må Vestland adressere både grøn kraftutbygging og grøn næringsutvikling. For å realisere dette må utbyggingsaktørar vinne sosial aksept i lokalbefolkninga. Denne artikkelen brukar erfaringar frå tre typedøme til å drøfte korleis slik sosial aksept kan oppnåast. Døma er vasskraftkommunane Høyanger og Luster, og Fjordvarme AS i Stad kommune.

Exploring the Use of Blockchain Technology in the Guarantees of Origin Value Chain: Svein Ølnes, Synnøve Rubach, Hans Petter Kildal og Marius Røthe Bøen

Sidan starten med Bitcoin in 2008, har blokkjedeteknologien fått stor merksemd og interesse, også i energisektoren. I denne artikkelen diskuterer vi erfaringar med bruk av blokkjedeteknologi til handtering av opprinnelsesgarantiar for fornybar energi (GO). Basert på forskingsarbeidet og identifisering av teknologiske barrierar føreslår vi eit hybrid-system der blokkjedeteknologi blir brukt til sikker og synleg dokumentasjon av GO-forbruk.

Rural berekraft og digitalisering. Ein studie av typedøme frå lokalsamfunn i Sogn: Øyvind Heimset Larsen, Jon Gunnar Nesse og Torbjørn Årethun

Digitalisering kan vere vegen til berekraft i distrikta. Vår studie av fem regionale it-bedrifter argumenterer for dette i boka «Berekraftig verdiskaping» frå 2020. Vi studerer her tre nye typedøme med vekt på berekraftig utvikling. Avery Dennison NTP, Digital Etikett og Sogn Frukt og Grønt SA er intervjua om deira digitale eksistens og utvikling. Ein ordførar og ein næringssjef er også intervjua. Kva rolle spelar digitaliseringa for berekraftig utvikling og satsingar til eit utval rurale vekstmiljø i Sogn? Gjer avansert digitalisering det mogleg å lukkast like godt som urbane konkurrentar?

Mye styr, lite styring? Implementering av FNs bærekraftsmål i samfunns- og arealplanlegging: Mathias B. Reinar, Kyrre Groven og Aase Kristine Lundberg

Regjeringen har vedtatt at FNs bærekraftsmål skal legges til grunn for lokal og regional planlegging. Planleggerne får dermed en sentral rolle i å oversette bærekraftsmålene til en lokal kontekst. På bakgrunn av intervjuer med planleggere i Nordland og Vestland, og analyser av statlige styringsdokumenter, utforsker artikkelen hvilke styringslogikker som kjennetegner implementeringen av bærekraftsmålene.