Ny leiar og nestleiar i styret for Vestlandsforsking

Portrett av to kvinner i 40- og 30- åra med lyst hår og stort smil
Silja Ekeland Bjørkly (t.v.) er ny styreleiar i Vestlandsforsking. Kristin Rundsveen Bøtun (t.h.) er ny nestleiar i styret. (Foto: Høgre/Sogndal kommune)

Silja Ekeland Bjørkly har teke over rolla som styreleiar i Stiftinga Vestlandsforsking etter Aleksander Øren Heen. Bjørkly er fylkesleiar i Vestland Høgre og gruppeleiar for Høgre i Vestland fylkesting. Ny nestleiar i styret er Kristin Rundsveen Bøtun (Sp) frå Sogndal.

Silja Ekeland Bjørkly var tidlegare nestleiar i styret, og tok i praksis over rolla som styreleiar 22. oktober 2021 då den tidlegare styreleiaren i Vestlandsforsking, Aleksander Øren Heen, vart utnemnd som statssekretær for klima- og miljøminister Espen Barth Eide i 2021.

Bjørkly er 45 år, kjem frå Bergen og har rundt 30 års fartstid som politikar, både i Bergen, Hordaland/ Vestland og i rikspolitikken. Frå 2001 til 2005 møtte Bjørkly fast på Stortinget som vara for Erna Solberg, som var kommunal- og regionalminister i Bondevik II-regjeringa.

Styret i Vestlandsforsking har òg fått ny nestleiar, Kristin Rundsveen Bøtun frå Sogndal, som frå før var vara til styret i Vestlandsforsking. Bøtun er 37 år, busett i Sogndal og kommunestyrerepresentant for Senterpartiet i perioden 2019-2023. Ho blei formelt utnemnd til styret for Vestlandsforsking av fylkestinget 15. desember 2021.

 

Gjeldande styre for Vestlandsforsking:

Silja Ekeland Bjørkly (H), leiar (Bergen)

Kristin Rundsveen Bøtun (Sp), nestleiar (Sogndal)

Erik Kyrkjebø, Høgskulen på Vestlandet (Sogndal)

Arve Sandal (Førde)

Synnøve Aabrekk, Visit Sørlandet (Kristiansand)

Tone Fløtten, Forskningsstiftelsen Fafo (Oslo)

Hilde G. Corneliussen, Vestlandsforsking (Sogndal)