Vestlandsforsking ser etter ny direktør

mann på 40 framfor skilt med logoen til Vestlandsforsking
Direktør ved Vestlandsforsking, Anders-Johan Almås, gir seg etter to år i stillinga. No er instituttet på leiting etter ein etterfølgjar med like stor glød for forsking. (Foto: Tone Rusdal)

– Eg vil driste meg til å påstå at dette er ein av dei mest innhaldsrike jobbane ein kan ha om ein ynskjer å jobbe for og med forsking i Noreg, seier Anders-Johan Almås. I haust gir han seg som direktør ved Vestlandsforsking etter berre to år, trass i gode resultat og lovord frå dei tilsette. Stillinga er lyst ut med søknadsfrist 15. september.

profesjonelt portrett av mann i 30-åra i dressjakke og skjorte, ser rett i kamera
Styreleiar Aleksander Øren Heen. (Foto: Ragne B. Lysaker)

Styreleiar i Vestlandsforsking, Aleksander Øren Heen, kallar den ledige leiarstillinga «ei av det mest interessante og spennande stillingane i Sogn».

– Vestlandsforsking er eit institutt i vekst; vi har nesten 40 tilsette og det eg meiner er ein attraktiv arbeidsplass, seier han.

Godt likt

Anders-Johan Almås kom frå ei stilling ved Høgskulen på Vestlandet då han i 2019 tok over som direktør ved forskingsinstituttet. At han gir seg etter berre to år, ligg det ingen dramatikk bak. Almås er svært godt likt av dei tilsette, og det har ikkje skorta på ros frå kollegaer som gjerne skulle hatt han med vidare.

Han ønskjer ikkje å gå nærare inn på grunnane til han gir seg etter to år som direktør, men viser til at han har gjort ei totalvurdering.

Tøft, men givande

Då prosessen med å rekruttere ein etterfølgjar var i gang, annonserte den avtroppande direktøren avgangen sin i eit Facebook-innlegg. I innlegget er han open om at ein må ha rikeleg med energi for å vere direktør ved eit regionalt forskingsinstitutt:

«Direktørstillinga er sjølvsagt ein krevjande jobb, så ein bør ha eit brennande engasjement for forsking, stort pågangsmot og stor arbeidskapasitet. Som ei svært attraktiv gulrot får ein jobbe og bu i ein region med eit enormt friluftstilbod - i det som er på god veg til å bli friluftshovudstaden i Noreg». Han nemner òg gleda ved å leie eit «elitelag» av dyktige kollegaer.

Vind i segla

Styret i Vestlandsforsking har hyra rekrutteringsbyrået Jefferson Wells for å få hjelp til å rekruttere ein etterfølgjar. Styreleiar Aleksander Øren Heen håpar på gode søkjarar.

– Instituttet har ein sterk posisjon og høg aktivitet på ulike forskingsområde, med klima og miljø som flaggskipet, seier Heen.

Fjoråret 2020 var truleg instituttet sitt beste år sidan stiftinga i 1985 når det gjeld prosjektgjennomføring, tal tilsette, godt arbeidsmiljø og god økonomi. Neste år flyttar verksemda inn i nye kontorlokale, også dei på Campus Sogndal.

«Med andre ord er det god vind i segla», skriv Anders-Johan Almås om stoda ved instituttet.

 

Les meir om stillinga her