Foto av kvinne med jakke og skjerf. Bakgrunn: snø
Gilda Seddighi, forskar ved Vestlandsforsking. Foto: Idun A. Husabø

Kven lagar reglane for dataspeling når mamma og pappa bur i eit anna land? I eit nystarta prosjekt er temaet spelevanar hos unge, ikkje-vestlege menn utan familie i Norge. – Vi veit lite om korleis denne gruppa har det, seier prosjektleiar Gilda Seddighi ved Vestlandsforsking.

Mange kan tilbringe mykje tid framfor skjermen utan at det behøver å gå ut over helse og livskvalitet. Sjølv om såkalla problemspeling kan utvikle seg hos både jenter og gutar, har forsking vist at gutar lettare blir «slukte» av spelinga slik at det går ut over skule, jobb eller plikter. At terskelen for å søke hjelp er høg i mange ikkje-vestlege familiar, var eitt av funna i ein studie Vestlandsforsking utførte i 2020.

I det nye prosjektet, der Medietilsynet er oppdragsgjevar, har forskarane snevra inn fokuset ytterlegare, og tek for seg ei sårbar gruppe av unge, ikkje-vestlege menn, nemleg dei som bur i Noreg utan foreldra sine. Målet er å finne ut korleis dei unge mennene disponerer tida si og særleg, om dei opplever at spelinga kjem i konflikt med plikter og sosialt liv.

Vil forstå korleis dagen deira er

I praksis består gruppa forskarane vil bli kjende med av einslege, mindreårige flyktningar eller unge menn som har kome til Noreg som asylsøkjarar. Blant dei yngste flyktningane er gutar i klart fleirtal. Dei fleste kjem frå land som Afghanistan, Eritrea, Somalia og Syria – land der det dei siste åra har vore vanskeleg å sjå for seg ei framtid for mange unge.

I Norge møter dei først eit mottak, og seinare ein kommunal bustad, anten saman med andre eller heilt for seg sjølve. Kvardagen består av skule, norskopplæring eller yrkesopplæring. Men kanskje også dataspel. For i ein slik livssituasjon er det naturleg at skjermen blir ein viktig del av dagen.

– Korleis er dagen deira, og korleis passar spelinga inn i plikter og rutinar? Kva betydning har spelinga for dei? Det er slike spørsmål vi vil er nysgjerrige på, forklarer Seddighi. Spørsmåla inngår i ei nettbasert spørjeundersøking; seinare kjem gruppeintervju og samtalar med folk som er i kontakt med dei unge mennene, til dømes gjennom skule, norskopplæring eller asylmottak.

Kven har dei rundt seg?

Det som finst av hjelpetiltak for ungdom som spelar for mykje (problemspeling), tek oftast utgangspunkt i familien. Ungdom som manglar eit slikt sikkerheitsnett, er det verre med. Kven ber ein ung mann som er hekta på spel om å logge av og krype til køys når foreldra bur i eit anna land?

– Dei fleste har nokon rundt seg, anten folk dei kjenner eller representantar for det offentlege. Slike kontaktar ønskjer vi å danne oss eit bilete av, med tanke på å føreslå alternative hjelpetiltak for dei i denne gruppa som eventuelt har utvikla eit problem, seier Seddighi.

Ved å ta i bruk kontaktpunkta mellom gutane og samfunnet, skal forskarane føreslå tiltak som kan førebygge at unge menn som har livet framfor seg, fell ut av samfunnet.

– Resultata våre kan òg vere relevante for situasjonar der ungdommar har familie i landet, men der familien ikkje har lykkast med å støtte ungdommen ut av problemspelinga, seier forskaren.

Vanskeleg tema

Å få dei det gjeld til å stille opp på slikt, trur Seddighi kan bli krevjande. Å utlevere seg om problem er ikkje lett, særleg dersom temaet er følsamt. Språk kan òg vere ei hindring i kontakten mellom forskarane og gruppa dei vil bli kjende med.

– Å gå via lærarar, barnevernstilsette og minoritetsrådgjevarar og støtte seg på kunnskapen dei sit med, har vist seg å vere avgjerande i denne typen studiar. Ho set særleg pris på minoritetsrådgjevarar – som på unorsk vis kallar ungdommane for «gutane mine» når dei snakkar om dei.

– I tillegg til ei slik referansegruppe, har vi med ein medforskar – ein som sjølv er ung innvandrar utan familie i landet, seier Seddighi.

 

Prosjektet går ut 2021 og hentar støtte frå Medietilsynet.