Ein nasjonal posisjon innan kjønn og IT

Kvinne med grått hår og briller sitter med en åpen bok og en bokstabel foran seg.
Forskargruppa for kjønn og IT har hatt stor aktivitet under pandemien. Sommaren til forskar Hilde G. Corneliussen har mellom anna omfatta eit eksklusivt føredrag for OSSE i juli og paneldebatt på Arendalsuka i august. (Foto: May Grethe Lerum)

Det er ikkje tilfeldig at Vestlandsforsking har evaluert den nasjonale satsinga «Jenter og teknologi» og er tungt inne i eit nordisk forskingssenter på feltet kjønn, teknologi og mangfald. Etter kvart har den solide merittlista til Hilde G. Corneliussen på dette feltet gitt fleire prestisjefylte oppdrag.

Det var på forsommaren Vestlandsforsking sin mangeårige forskar på kjønn og IT fekk ein telefon frå Utanriksdepartementet. Personen i andre enden var på jakt etter ein ekspert på området kvinner og IT, og hadde landa på Hilde. Attpåtil ringde dei ikkje på eigne vegner, men for Organisasjonen for sikkerheit og samarbeid i Europa, OSSE. Den internasjonale organisasjonen ønskte seg ein norsk fagperson som kunne snakke til eit distingvert konferansepublikum i Wien i juli.

Kunne Hilde ta oppdraget? Om ho ville.

Pandemien korta ned avstand

– Nokon i departementa veit tydelegvis kva vi driv med på Vestlandsforsking, og det synst eg er utruleg kjekt, seier ho. Sidan 2013, med unntak av eit års pause, har basen hennar vore Vestlandsforsking i Sogndal. Sjølv med stor vilje til å reise og stille på konferansar og møte, har ho merka kostnaden ved å vere langt unna hovudstaden.

Kvinne med langt, grått hår og strikkejakke med turkis bluse i, utendørs. Smiler.
Hilde har i dag Sogndal som arbeidsstad og Hafslo som heimstad. (Foto: Idun A. Husabø)

– Det er vrient å bli sett frå Sogndal når så mykje skjer på korte frukostmøte og arbeidsverkstader i Oslo, slår Hilde fast. Etter pandemien vil det truleg vere på ‘an igjen. Men kanskje hugsar Oslo Vestlandsforsking litt betre etter talen til OSSE. Det kan også hende dei bit seg merke i alle publikasjonane ho og kollegaen Gilda Seddighi kjem med kvart år. Hilde er i dag blant dei som publiserer mest ved instituttet, og nye fagartiklar er på veg.

Den raude tråden

Reisa hennar gjennom høgare utdanning starta i historiefaget. Etter eit hovudfag gjekk Hilde inn i relativt nytt terreng: humanistisk informatikk ved Universitetet i Bergen. Då ho hadde avlagt doktorgraden sin i 2003, blei ho tilsett – og både forska, underviste og rettleia andre gjennom bachelor-, master- og doktorgradar.

Humanistisk informatikk, som i dag blir kalla «digital kultur», var på denne tida eit ganske nytt fag. Derfor var det ingen i kollegiet som sjølv hadde bakgrunn i denne utdanninga. I staden kom dei frå språk, historie, lingvistikk og litteratur.

Såpass tverrfagleg bør òg dette fagmiljøet vere, meiner Hilde, for:

– Den digitale kulturen, den omfattar alt.

Det var på slutten av 1990-talet, før doktorgraden, at Hilde fann forskingstemaet som framleis utgjer den raude tråden i forskinga hennar, 25 år seinare – IT og kjønn. Ho intervjua kvinnelege og mannlege IT-studentar med tanke på korleis dei opplevde studiane sine. Ganske raskt steig ein tydeleg ubalanse fram.

– Kvinner opplever oftare studie- og arbeidsmiljø innan IT som meir problematiske enn menn gjer, seier Hilde.

Samanhengar trer fram

Etter kvart har ho teke for seg temaet frå ei rekkje synsvinklar. Ho har studert kvinner i ulike aldrar og situasjonar, ved ulike arbeidsplassar og i lys av kampanjar for å rekruttere kvinner og jenter inn i IT. Dei siste åra har ho leidd Vestlandsforsking sitt arbeid i Nordwit, eit nordisk prosjekt om kvinner som jobbar med IT.

– No, etter 25 år, kjenner eg at eg har fått ei anna forståing av temaet. Eg byrjar å sjå korleis ting heng saman, seier forskaren.

Desse samanhengane utdjupa ho nyleg i ei nyheitssak på sidene til Kif-komiteen, «Kvinner blir ikke oppmuntret til å studere IKT». Kif jobbar for  kjønnsbalanse og mangfald i forskingssektoren i Norge.

«Vi ser korleis samfunnet manglar trua på at jenter skal kunne velje IKT som utdannings- og yrkesveg», slår Hilde fast i intervjuet.

To kvinner framfor PC
Hilde G. Corneliussen og Gilda Seddighi utgjer i dag kjernen i forskingsmiljøet på kjønn, teknologi og mangfald og er aktive i det nordiske forskingssamarbeidet Nordwit.

Mytar om jenter, gutar og IT

Sjølv om vegane til eit meir kjønnsbalansert felt er mange, handlar det mykje om å oppmuntre jenter på lik linje med gutar til å bry seg om koding, dataspel og teknologi– både heime, på skulen og elles i livet og samfunnet.

Då Hilde og kollegaene hennar forska på kodeklubbar for barn og håpefullt strekte hals for å få auge på hestehalar ved PC-ane i klubblokala, møtte dei stadig på den same, lett forstyrrande haldninga frå foreldre og instruktørar: «Jenter ER jo ikkje interesserte».

– Det der har gnagd meg litt, for kvifor er det slik? Etter kvart ser eg at det ikkje er tilfeldig. Jentene er rett og slett uskuldige offer for signala vi gir dei: Dei gjer som dei trur andre ønskjer dei skal gjere og skyggar unna IT-faga, seier ho.

Ein annan myte Hilde gjerne vil til livs, er den om at jentene «aldri» vil kunne ta att gutane i datafag fordi forspranget er for stort etter alle åra med gaming på guterommet.

– Fleire studiar viser at det ikkje treng ta så lang tid før dei uerfarne studentane tek att dei som har «guteromskompetanse». Men denne førestillinga er sterk, og den lever hos mange, seier Hilde.

Teknologi må utviklast med mangfald

Kvifor er det så viktig, då, å få jenter og kvinner til å delta i IT-verda på lik linje med menn og gutar? Eller som ein leiar i sektoren sa i eit intervju med forskarane: « vi eigentleg ha fleire kvinner i IKT?».

For Hilde er kjønnsbalanse eit sjølvsagt mål som handlar om både innverknad og fordeling av makt.

To kvinner sit på ein stein med snø rundt. Dei har beina i kors og ser på kvarandre med eit smil. Gult hus bak.
Denne dagen i 2016 fekk Hilde og hennar dåverande kollega Carol Azungi Dralega ei svært hyggjeleg melding: Vestlandsforsking hadde fått tilslag på ei fem års fordjuping i temaet kvinner og IKT-karrierar, og instituttet skulle vere vertskap for forskingssenteret. Året etter starta forskarane opp Nordwit, eit Nordic Centre of Excellence med ei totalramme på 20 millionar kroner. Samarbeidspartane er eit svensk og eit finsk universitet. (Foto: Øyvind Heimset Larsen)

Det finst mange døme på kva som skjer når teknologi er utforma med for lite mangfald, både når det gjeld kjønn og andre faktorar: vaskar som ikkje aktiverer vasstrålen før ei hand med kvit hudfarge kjem framfor sensoren, ansiktsgjenkjenning som blandar saman mørkhuda personar, for ikkje å snakke om dataspel der dei kvinnelege avatarane må kjempe mot fienden i utstyr som minner mest om ein bikini.

– Mykje av teknologien i verda blir utvikla i grupper og verksemder som er sterkt dominerte av menn på utviklarsida. Då er det ein stor risiko for at ein mister forståing for mangfald blant dei som skal bruke teknologien, understrekar Hilde. Sjølv har ho hatt sine aha-opplevingar om etnisk bakgrunn og hudfarge gjennom fleire års samarbeid med kollegaer av ikkje-vestleg bakgrunn.

– Det har fått meg til å merke eg kor «kvit» eg er, seier Hilde. Ein gong, på kvinnedagen, sende ho sin ugandiske kollega ved Vestlandsforsking ei liste over Noregs fremste kvinner innan teknologi. Fleire av dei var avbilda i nettartikkelen.

– Det gjekk nokre sekund, så fekk eg svar: «Ja, Hilde – men alle er kvite!» Det hadde eg faktisk ikkje sett, fortel Hilde.

Valde utsikt

For nokre år sidan heldt Vestlandsforsking ein høgtideleg avskjedsfest for Hilde. Då hadde ho takka for opphaldet og skulle tilbake til Nygårdshøyden, den faste stillinga ved UiB og vekependling mellom Bergen og Hafslo. Heldigvis for Vestlandsforsking, gjekk det ikkje meir enn eitt år før ho tok eit endeleg val: Ho kom att, og dørskiltet i Sogndal gjekk opp på nytt.

Etter hennar oppfatning var det utsikta over Hafslovatnet som vippa avgjerda i retning Sogn. Kjærleiken til naturen, ikkje minst fjellet, har stordabuen bore med seg sidan studietida, då ho jobba fleire somrar på DNT-hytta Skogadalsbøen i Jotunheimen.

kvinne i landrover med mange flagg
Som dronning Elizabeth II svergar Hilde til Land Rover Defender. Her i "Hildefender" utanfor Vestlandsforsking sine lokale. (Foto: Idun A. Husabø)

– Eg har ofte lurt på om eg skulle ha gått vidare med karrieren min i fjellet, smiler Hilde.

Langreist fritid

I realiteten nøyer ho seg med å gå på jakt og reise på eventyrlege motorekspedisjonar. På på same måte som forskaren alltid har minst éin Land Rover Defender, har ho vanlegvis minst éin hund. For tida er det den silkesvarte Fritjof, som figurerer på Instagram som #Fritjoftheflat. Truleg er han den mest reisevande flatcoaten i Luster og har besøkt fleire land saman med eigarane sine. Berre pandemien går over, skal Hilde, mannen, hunden og landroveren forsere nye, humpete vegar i fjerntliggande strok att.

– Det er jo ikkje langt til Mongolia herifrå, smiler ho. Dit har ho nemleg køyrt – tur/retur Ulan Bator.

Men i 2021 er det dei korte reisene som gjeld, og Hilde får tid til å formidle Vestlandsforsking sine funn om kjønn og IT til eit nasjonalt publikum. Denne veka, som ein del av Arendalsuka, representerer ho instituttet i ein paneldebatt om korleis vi kan få fleire jenter til å søke seg til tekniske fag.

– Dette er og blir ei vanskeleg nøtt å knekke, sjølv i eit likestilt land som Norge og i nabolanda våre. Dette paradokset interesserer meg og motiverer meg sterkt, avsluttar Hilde.