Brenn for å få fleire til å oppdage Bitcoin

Ei bok med synleg framside og Bitcoin-logo på framsida
Forfattarane av "Den vesle boka om Bitcoin" har ulik bakgrunn og ståstad, men er samla i eit positivt syn på Bitcoin. (Foto: Skald)

Innfløkte ting kan ikkje forklarast enkelt nok, meiner Svein Ølnes. Som teknologiforskar, Bitcoin-entusiast og førelesar har han lenge ønskt seg ei bok som forklarer valutaen og teknologien bak. Då han kom over ei slik bok på engelsk, var han raskt ute med å få i stand ei norsk utgåve. Samtidig skolerer han eit rekordkull studentar i teknologien.

Portrett av nord-europeisk mann med skjorte, briller og kort hår
Svein Ølnes har omsett "Den vesle boka om Bitcoin" (Skald 2021) til nynorsk.

– Eg tykte boka gav ei veldig enkel og god forklaring på temaet, som trass alt er nokså komplisert. Dette er den desidert enklaste framstillinga eg har lese, seier Svein Ølnes, mangeårig forskar innan teknologi og samfunn ved Vestlandsforsking.

Dei siste åra har han fordjupa seg i digitale valutaer og blokkjede-teknologien som ligg til grunn for bitcoin, denne lovpriste og utskjelte valutaen som gjer det mogeleg å gjennomføre ein transaksjon utan mellomledd og utan å bli overvaka. Med støtte frå instituttet har han òg fullført ein mastergrad på temaet og held i dag nettbaserte kurs ved to norske utdanningsinstitusjonar.

Valuta med fredspotensial

Boka blei skriven i 2019 av ei gruppe aktivistar, forelesarar, entreprenørar, bedriftsleiarar, investorar og forskarar frå ulike delar av verda som kallar seg "The Bitcoin Collective". Trass i ulik bakgrunn og ståstad, er dei samla i trua på det fredsskapande potensialet i den digitale valutaen som blei lansert i 2009.

Svein kontakta ein av dei åtte forfattarane, menneskerettsaktivist Alex Gladstein i Human Rights Foundation, som var interessert i å få boka omsett til fleire språk. Det Leikanger-baserte forlaget Skald tok på seg å stå for publiseringa gitt at Svein ordna omsetjing og finansiering. Fritt Ord støtta prosjektet saman med Vestlandsforsking og dei to bitcoinbedriftene Bitmynt.no og Arcane Crypto AS.

– Eit kontantfritt samfunn er identisk med eit fullstendig overvaka samfunn, og då gir det god meining å bruke bitcoin for å ivareta personvernet, forklarer Svein.

Om boka:

«Bitcoin har vore ein økonomisk revolusjon og eit teknologisk gjennombrot. I media er kryptovalutaen mest omtalt i samband med svingande kursendringar, kriminalitet og stor energibruk. I denne vesle innføringa forklarer forfattarane på ein enkel måte kva Bitcoin er og kvifor det er så viktig både for økonomien og fridommen vår.

Kvifor er dagens pengesystem problematiske? Kva kan Bitcoin betyr for dei som ikkje har tilgang til banktenester i dag? Korleis kan Bitcoin vera eit alternativ som kan endra politikk og samfunn i framtida?»

Vil dele innsikta

Medan bitcoin lenge var eit smalt fenomen i Noreg, har interessa vakse dei siste åra, i takt med stigande valutakurs og stunt frå internasjonale og heimlege kjendisar som Elon Musk og Kjell Inge Røkke. Svein har gong på gong forklart dei kompliserte mekanismane bak betalingssystemet overfor journalistar, forskingskollegaer, offentlege verksemder og privat næringsliv. På Twitter går debatten friskt, og Svein er aktiv på bloggen sin og i spaltene til Dagens Næringsliv.

Denne formidlinga har han stått på med fordi temaet til dei grader fascinerer han sjølv, men òg fordi han er utolmodig med visse aktørar i det norske samfunnet som har ei skeptisk eller avvisande innstilling til både bitcoin og kryptovaluta generelt. Denne haldninga tenner ein glød hos forskaren, både fordi samfunnet er i ferd med å bli kontantfritt uansett, og fordi han meiner motstanden kviler på eit vaklande kunnskapsgrunnlag.

Rekordinteresse for nettstudium

Resultatet av formidlingsgløden til Svein har vore spesielt synleg i sommar. Like før «Den vesle boka om Bitcoin» kom ut på Skald, tok søkartalet av for nettkurset Svein held ved Høgskulen på Vestlandet.

Bokside i bok om Bitcoin, nynorsk tekst

Då søknadsfristen var ute 1. juni, hadde over 250 søkt. Av desse har over 200 takka ja. Det høge søkjartalet har fått merksemd i media i sommar, både i NRK, BT, E24 og VG.

Om lag ein tredel av studentane på kurset er dessutan jenter, noko førelesaren synst er både overraskande og gledeleg.

– Etter oppslaga i media har fleire kontakta meg og trygla om plass på kurset, fortel Svein.

Kursen for bitcoin var på ein førebels topp i vår, og forskaren er klar på at blesten rundt det har auka interessa for å forstå meir.

 

Boka kan tingast frå Skald, og forlaget tilbyr betaling i bitcoin.