Hilde G. Corneliussen

Hilde G. Corneliussen har fått opprykk frå forskar II til forskar I. Dette er høgaste faglege rangering i instituttsektoren, tilsvarande professor hjå universiteta. I seks år ved Vestlandsforsking har ho jobba i fagfeltet "teknologi og samfunn", med særleg fokus på kulturelle forståingar av kvinner og menn sine ulike relasjonar til IT.

Bok Hilde g. Corneliussen
Hilde G. Corneliussen har skrive mange akademiske tekstar om kvinner, menn og IT, blant anna monografien Gender-Technology Relations: Exploring Stability and Change publisert av Palgrave Macmillan i 2011.

– Forskinga eg brenn for handlar om å forstå kvifor ting er som det er, slik at ein kan finne løysingar for å skape endring, gjere ting betre. Til dømes er målet for NORDWIT-prosjektet eg leiar å få betre kjønnsbalanse, det vil seie fleire kvinner, innan nordisk teknologi og IT, seier ho. Gjennom heile forskarlivet har Hilde hatt fokus på dette, både før og etter at ho tok doktorgrad i informatikk i 2003.

Tilbyr hjelp

Hilde er ikkje berre ein "kontorforskar". Ho har vorte ein rollemodell for mange gjennom forskar- og formidlingsarbeidet sitt, til dømes gjennom prosjektet Kvinneløftet FixIT. Hovudmålet for dette prosjektet er å skape meir merksemd kring manglande kjønnsbalanse i innovasjonsprosjekt, særleg teknologirelaterte prosjekt, og å tilby verksemder hjelp til å finne praktiske løysingar for å betre kjønnsbalansen. FixIT samarbeider med fleire kvinnenettverk og møter mange dyktige kvinner som har ei karriere innan teknologi og IT.

– Det er viktig for meg å løfte fram andre, å synleggjere kvinner som jobbar med IT. Det er med å skape fleire rollemodellar, som er ein av måtane vi meiner at vi kan gjera verda litt betre, seier ho.

Den vanskelege modell-jakta

Saman med forskarar frå NORDWIT har Hilde intervjua kvinner som jobbar med IT og digitalisering, og då var det mange kvinner som svara at dei ikkje hadde rollemodellar.

– Det kan handle om at kvinnene arbeider på eit fagområde der dei ikkje kjenner mange kvinner som driv med det same. Det betyr ikkje at det ikkje finst kvinner der, men eg trur dette kan skje fordi kvinner lett blir gjort usynlege i tradisjonelt mannsdominerte miljø – sjølv når dei er der, seier Hilde. Ho har også funne at utan rollemodellar frå eigen bransje vil nokre kvinner ty til leiande figurar frå andre sektorar, eller til dømes ein kvinneleg statsministar. Behovet for rollemodellar blir også dekka gjennom ulike kvinnenettverk.

- Vi har funne at menn oftare vert oppfatta som mentor, med ein støttande eller rettleiande funksjon, men ikkje like ofte som rollemodell for kvinner. I mangel på faglege rollemodellar innan IT ser vi at kvinner oftare visar til mor, venninner eller kvinner i andre fagområde som rollemodell, seier Hilde.

– Kvifor er rollemodellar viktige?

– Sjølvsagt meistrar kvinner karrierebygginga si godt utan, men det er jo ein stor fordel å finne gode rollemodellar når ein er ung og skal velje karriereveg. Forsking viser at jenter har lett for å definere seg ut av tekno- og databransjane, dei undervurderer ofte kunnskapen sin. Særleg som ferske studentar overvurderer dei også verdien av typisk "nerdete guteromskompetanse", seier Hilde.

Overraska over å overraske

Kvar gong Hilde G. Corneliussen held sitt føredrag om historiske kvinner i IT reagerer enkelte med både vantru og overrasking.

– Folk er så vane med å tenkje på IT og teknologi som ei mannsdominert verd, sjølv no i 2019, seier forskaren. Ho viser til at det til dømes er over 100 år sidan den amerikanske dataforskaren Grace M. Hopper vart fødd, kvinna som mellom anna gjorde viktige oppfinningar og revolusjonerte den gryande kunnskapen om programmering på 1950-talet, men som likevel er eit ganske ukjent namn også for mange av dagens etterfølgjarar innan fagfelta.

– Eg vert oppgitt over kor mange slike fantastisk flinke kvinner i IT-historia som har vorte usynlege, seier Hilde. Eg vert også overraska over at så mange framleis vert overraska av forteljingane om desse kvinnene. Det er mange som er verdt å nemne. Likevel er det kanskje ikkje forteljinga om ei bestemt "superstjerne" eg vert mest fascinert av, men av alle dei mange "ansiktslause" kvinnene som også jobba med IT i tiåra etter andre verdskrig, og som sjeldan vert omtala i historiebøkene, fortel forskaren

Tidsaktuell

Hilde har eit klårt håp for framtida.

– At jenter i framtida kan velje IT-utdanning og IT som karriere utan å måtte tenkje at det er eit "utypisk" fagområde for jenter. Eg håpar også at vi med forskinga vår kan vere med å skape ein slik endring, men eg trur også at det krev ein innsats der alle deltek, frå skule og foreldre til fagfolk og IT-verksemder, seier ho. Som fersk forskar 1 er ho også aktuell med to nye publikasjonar. Den eine handlar om rollemodellar for kvinner i IT og gir råd til kvinner innan IT. Den andre er også svært tidsaktuell, med tematikkar kring regulering av dataspeling i eit familieperspektiv.

Gratulerer
Hans Jakob Walnum, konstituert direktør ved Vestlandsforsking, gratulerer.