Kunnskap, kultur og klovneri

Collage bilder av diverse aktiviteter under Forskingsdagane.

Under Forskingsdagane 2019 samarbeidde Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet om eit rikhaldig program. Små og store fekk varierte opplevingar, frå underhaldande "klimashow" på Dampskipsbrygga, via insektstudiar
og robot-testing til kurs i botanisk illustrasjon. 

forskingstorget
Både små og store fekk prøve seg som forskarar då både laboratoriar og feltarbeid vart flytte til Amfi Sogningen.

 

Torunn G. Hønsi pitchar
Samfunnet har eit stort behov for brukarretta kunnskap om tilpassing til klimaendringar, noko Torunn G. Hønsi ved Noradapt utgreia for samarbeidspartnarar frå både privat næringsliv og offentelege instansar.
Kyrre på Forskingstorget
Kyrre Groven frå Vestlandsforsking møtte mange som var interessert i forskinga hans om korleis Sogndal sentrum har endra seg dei siste 30 åra. Publikum kunne sjå nye gjenfotograferingar av gamle bilete og studere insekt i forskarluper. Desse aktivitetane tok utgangspunkt i MILJØFORSK-prosjektet Surround, der tilsette og studentar ved Institutt for miljø- og naturvitskap ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) har kartlagt endringar i arealbruken, og studert det biologiske mangfaldet knytt til insektlivet i og rundt trea i Sogndalsfjøra. Prosjektet skal gi kunnskap om korleis urbanisering påverkar miljøverdiar og kulturhistoriske verdiar i og rundt små og mellomstore tettstader. På biletet er Kyrre Groven (VF) og Liv Norunn Hamre (HVL) i samtale med publikummar Arne Myklebust.
Kursgruppe
Førstelektor Hege Gjerde Sviggum (sittande) er nyutdanna illustratør og viser fram kunstene sine til kursdeltakarane. Førsteamanuensis Inger Auestad (til høgre for Hege) er som botanikar opptatt av å få fram at gode illustrasjonar er ein viktig fagleg reiskap.

 

Skodespelarar held epler på ein plen.
Det handla om miljøklemma – og epler – då Ferske Scener og Vestlandsforsking baud på teater. Forskar Ragnhild Freng Dale, skodespelarar Jussi Salminen og Bernt Bjørn, med dramaturg Kristin Bjørn.
Halvor i stolen med programleiar.
Muntert og alvorleg "talkshow" på bryggekanten. Forskar Halvor Dannevig var mellom deltakarane som ville ta kvardagspratet om veret til nye filosofiske høgder.
Mann fell på golvet mellom mange eple
Klovnekunstar og alvor – klimaspørsmåla kan drøftast frå alle vinklar.