Kampen mot forsuring hastar

Halvor Dannevig

Forskarane er ikkje i tvil når dei no gir råd til styresmakter og samfunn: det hastar svært med å stanse forsuringa av hava våre.
– Vi er allereie farleg nær grensa for det fleire organismer kan tåle, seier forskar Halvor Dannevig ved Vestlandsforsking.

Han er generelt bekymra for konsekvensane, men peikar spesielt på at artar som torskestammen etter kysten vår lever av kan døy ut – i nær framtid. Dannevig har leia eit forskingsprosjekt der Nord Universitet, Norsk Institutt for Vannforskning (NIVA), Nordlandsforskning, og Scottish Association for Marine Science (SAMS) og Norsk Kystklimasenter har vore med. Oppgåva var å kartleggje og finne konkrete løysingar på korleis dei ulike aktørane som forvaltar kystsona best kan samarbeide. Å handtera havforsuring kan vera utfordrande, også fordi ansvaret nokre stader er vanskeleg å fordela. Kommunane har mykje makt, men ikkje alltid nok kunnskap. 

– Intervjua vi har gjort viser ei oppfatning av at havbruk og vasskraftverk ofte blir prioritert, særleg av små kommunar med pressa økonomi og låg plankompetanse. Då går gjerne næringsinteresser framom miljø og vassforvaltning, seier Dannevig. 

 

Kan undergrave sjølvråderetten 

Forskerane i prosjektet har utarbeida ein rapport med dei forvaltningsrelevante resultata, ein såkalla "policy brief". I denne peikar forskerane på vassforvaltninga som ei løysing for å handtera den kystnære havforsuring. Vassforvaltinga vart oppretta når Noreg tok EU sitt vassdirektiv inn i lovene i 2007. Denne skil seg frå andre forvaltningsstrukturar ved at den ikkje er delt inn etter kommune- eller fylkesgrenser, men er basert på økosystema der vatnet renn frå fjell til fjord. Den enkelte vassregionen kan ta lokale omsyn og innføre tiltak etter eigne behov og vurderingar. 

Av samandragsrapporten går det elles fram at forskarane ser for seg ein modell der den økosystembaserte geografiske inndelinga i vassforvaltinga bør leggjast til for kystsoneplanlegging framover. Slik kan ein få til heilskaplege og integrerte planar der vassdrag møter hav. 

– Utfordringa med denne modellen er at den kan undergrave den kommunale sjølvråderetten. Den geografiske inndelinga i vassregionane vil også kunne skape utfordringar fordi nokre kommunar har sjøareal i fleire regionar, og de fleste vassområda har tilsig frå fleire kommunar.

Vil ikkje bestemme 

Det er mulig å gjera lokale tiltak mot avrenning frå landbruk og anna, å opprette verneområder og å stimulere til taredyrking. Men det er vanskelig å definere lokale grenseverdiar for kor surt vatnet kan få bli, å vite når tiltak må inn. 

– Vi som har forska på dette meiner vi må få inn data om havforsuring i det eksisterande kystovervakingsprogrammet. Men vi understrekar at det ikkje bør vera oss forskarar åleine som bestemmer grensene her, seier Dannevig. Han har trua på lokalkunnskap og breitt samarbeid. 

– Eit utval med tverrfaglige ekspertar, forvaltninga og brukarinteresser bør setje grensene for kor mykje forsuring lokale tilhøve tåler, meiner han. 

Vingesnegl
BILDE: Det ser svart ut for Vengesnigelen (Pteropoda), som også blir kalla "sjø-engel". Den er ei svært viktig matkjelde for fleire artar, til dømes torskestamma langs norskekysten.

Rapporten som no er lagt fram heiter «Forslag til politikk for forvaltning av havforsuring i norske kystfarvann», og er basert på det treårige forskingsprosjektet «Tilpasning av kystsoneforvaltningen til havforsuring» finansiert av Norges forskningsråd.