""
Prosjektleiar Hilde G. Corneliussen (nr. 2 frå venstre i første rekkje) kunne både overraske og inspirere i Førde. Arrangør Liv Judit Straume frå GGDF heilt til venstre. Foto: Førde bibliotek

På 1950-talet fant mange kvinner spennande arbeid innan programmering, og allereie på 1800-talet skisserte Ada Lovelace (1815-52) dei første tankane om programmeringsstrukturar som framleis er aktuelle. Det fekk "Girl Geek Dinners Førde" høyre på nettverksmøtet sitt i februar.

Av May Grethe Lerum, informasjonsrådgjevar Vestlandsforsking

Dei data- og teknointeresserte kvinnene som møtte då Hilde G. Corneliussen frå Vestlandsforsking gjesta Førde bibliotek 14. februar, fekk vite mykje om formødrene i bransjen. Mellom desse er Anne Mette Hjelle, leiar i IT-forum Sogn og Fjordane.

– Eg hadde sett filmen Hidden Figures om dei kvinnelege programmerarane bak romkappløpet i USA. Likevel er eg overraska over kor kvinnedominert dataprogrammering har vore historisk, i sterk kontrast til i dag. Dette må vi bruke for å rekruttere fleire jenter inn i teknologi, seier Hjelle.

Ho er også ein av initiativtakarane bak "Girl Geek Dinners Førde". Dette er eit ope nettverk for kvinner med interesse for teknologi og data, både dei som jobbar i fagfeltet og dei som har det som hobby eller interesse.

Gruppa "Girl Geek Dinners Førde" sto saman med Førde bibliotek sto bak arrangementet, der Corneliussen også presenterte eit nytt prosjekt med namnet Kvinneløftet FixIT.

I FixIT er målet å auke kvinner si deltaking i teknologi-driven innovasjon i Sogn og Fjordane og Hordaland. Forskningsrådet og fylkeskommunane har regionale satsingar for å mobilisere kvinner i næringslivet til samarbeid med forskarar om forskingsbasert innovasjon, og det er særleg her FixIT skal bidra.

Lokalt og internasjonal forsking

Hilde G. Corneliussen leiar FixIT-prosjektet hjå Vestlandsforsking.

– Det er ein spanande utfordring å få lov å jobbe tett med desse innovasjonsmiljøa, blant anna Teknoløft Sogn og Fjordane, som også er knytt til IT-utdanninga ved HVL i Førde, seier ho.

Corneliussen forskar for å skaffe auka kunnskap om kjønna mønster, og utvikle verktøy som kan endre dette.

- Vi er tett knytt til Nordwit – eit "Nordic Centre of Excellence" som forskar på kvinner i teknologirelaterte karrierar, fortel Corneliussen vidare. Prosjektleiaren arbeider med ei breitt samansett vestlands-gruppe mot dette målet. Både privat og offentleg sektor er involvert, som IT-forum Sogn og Fjordane og Innovasjon Norge, samt kvinnenettverka Girl Geek Dinners i Førde og Bergen og Oda-nettverket for kvinner i teknobransjen, avdeling Bergen.