Iselin Nybø besøkte Vestlandsforsking

""
Statsråd Iselin Nybø saman med direktør Merete Lunde, forskingsleiar Halvor Dannevig og representantar frå kommunane Leikanger og Sogndal.

Forskingspolitikk sto på agendaen då Iselin Nybø, minister for forsking og høgare utdanning, besøkte Vestlandsforsking torsdag 28. juni. Ho fekk høyre om korleis forskingsinstituttet bidreg med kunnskap til bruk i offentleg sektor og næringsliv.

Iselin Nybø besøkte Vestlandsforsking saman med representantar frå kommunane Leikanger og Sogndal. Forskingsleiar Halvor Dannevig og direktør Merete Lunde orienterte om Vestlandsforsking sin forskingsaktivitet innan dei tre hovudområda klima og miljø, reiseliv og teknologi og samfunn. Iselin Nybø fekk også vite om korleis instituttet samarbeider med næringsliv, kommunar og andre offentlege etatar. Ho var spesielt opptatt av korleis instituttet bidreg til å mobilisere næringslivet til å ta i bruk forsking i sine utvikling- og innovasjonsprosessar, om arbeid med digitalisering og bidrag til «det grøne skiftet».

Nybø fekk presentert nasjonalt senter for berekraftig klimatilpassing av Carlo Aall, forskar ved Vestlandsforsking. Det er allereie nasjonale kunnskapssenter på dei fleste klimaområda, men ikkje for klimatilpassing. Fylkestinget for Sogn og Fjordane løyvde i juni  midlar til oppstart av senter for klimatilpassing i Sogndal, men det vil vere behov for ytterlegare midlar for både etablering og for å realisere planane for drift. Senteret vil bidra til å styrke både privat og offentleg sektor si evne til tilpassing til klimaendringar.

Under besøket fekk statsråden helse på tre studentar frå USA, Japan og Tyskland som har eit sommaropphald ved instituttet. Alle tre har forskingsoppgåver innan stordata, og dei får rettleiing frå Vestlandsforsking sine forskarar Rajendra Akerkar og Minsung Hong. Internasjonalt samarbeid er viktig for instituttet. Det er også samarbeid med næringsliv, og instituttet har blant anna deltatt i arbeidet med å etablere Vitensenteret i Sogn og Fjordane.  Det var Tor Arne Ness, styreleiar i Vitensenteret Sogn og Fjordane, som presenterte arbeidet så langt samt planar for vidare arbeid.

Vestlandsforsking vart evaluert av Forskingsrådet i 2017, og resultata frå ei ny evaluering i 2018 er nyleg lagt fram, begge med svært gode evalueringsresultat. Nybø fekk med seg ei liste over tiltak og verkemiddel for korleis instituttet skal prestere godt framover, men også få ytterlegare effekt ut av forskingsinstitutt som Vestlandsforsking. Statsråden var positiv til fleire av forslaga som ho tek med seg vidare i arbeidet.

Postadresse

Vestlandsforsking 
Postboks 163 
6851 Sogndal

Telefon

906 33 600

E-post

post@vestforsk.no

Org.nr.

965 919 627 MVA

Ansvarleg redaktør

Direktør Merete Lunde

Nyheitsbrev

Me sender ut ein gong i månaden

Sosiale medium