Forskarpris for arbeid om dataspel og integrering

""
Prisvinnarane - Carol A. Dralega og Hilde G. Corneliussen

Carol Azungi Dralega og Hilde G. Corneliussen vart nyleg tildelt pris under Fjordkonferansen 2018 i Ålesund for deira arbeid om dataspel og innvandrarungdom.

Det var Sparebanken Møre som delte ut prisen til forskarane Carol Azungi Dralega og Hilde G. Corneliussen ved Vestlandsforsking. Artikkelen «Gaming and identity construction among immigrant youth in Norway» vart vurdert som den beste artikkelen blant 20 bidrag i Fjordantologien 2018. Tildelinga fann stad under Fjordkonferansen som vart arrangert 21. – 22. juni i Ålesund, og det var Øyvind Heimset Larsen ved Vestlandsforsking som tok imot prisen på 10.000 kr på vegne av prisvinnarane.

-  Det var veldig kjekt å vinne forfattarprisen i år, i eit felt av så mange sterke bidrag. At akkurat vårt kapittel vart trekt ut er ei anerkjenning av at forskinga vår er relevant og viktig i forståinga av korleis teknologi er med på å forme verda i lever i, seier Carol Azungi Dralega. - Det har vore ei veldig hyggeleg oppleving å publisere i Fjordantologien, og vi er takksame for den gode oppfølginga vi har fått undervegs frå redaktørane, seier Hilde G. Corneliussen.

Dataspel kan fremme integrering

Forskarane fekk prisen for sitt arbeid om integrering og dataspel blant ikkje-vestlege innvandrarungdom i alderen 16 til 19 år. Studien viser blant anna at å spele dataspel kan hjelpe innvandrarungdom å få venner og bli gode i norsk. Dette var gjeldande for gutane, men ikkje jentene.

Juryens grunngjeving

Sparebanken Møre er hovudsamarbeidspartnar for konferansen, og Linda Rafteseth Grimstad delte ut prisen. Det var redaktørane av Fjordantologien 2018 Heidi Hogset, Dag Magne Berge og Karl Yngvar Dale som utgjorde juryen for prisutdelinga. Dei ga denne grunngjevinga:

Den prisvinnende artikkelen tar for seg et meget aktuelt tema: Identitetsdannelse blant innvandrerungdom. Kapitlet viser hvordan ungdom med en ikke-vestlig bakgrunn gjennom et dataspill navigerer mellom det nære og det fjerne, mellom det lokale og det globale. I dette spenningsfeltet former de enkelte ungdommer flere identiteter. Artikkelen viser også på en overbevisende måte samspillet mellom teknologi og sosiale relasjoner, generelt, og i globaliseringsprosesser spesielt.

Artikkelen representerer en meget nyttig kommentar til den brennaktuelle integreringsdebatten. Med sin pluralistiske tilnærming til identitet, gir den innsikter som går bak og forbi de mest stereotype og monolittiske oppfatninger av integrering i lokalsamfunn eller nasjon.

Analysen er teoretisk godt informert og er rent faglig av god kvalitet. I vurderingen er det også lagt vekt at forfatterne gjennom reviewprosessen har evnet å heve artikkelen kvalitetsmessig flere hakk. Det har således vært jobbet godt. Én av kapitlets mange kvaliteter er også at det representerer et godt fundament for videre utvikling og forskning rundt denne viktige tematikken. Vi håper at prisen kan oppmuntre til dette.

Prisen går til Carol Azungi Dralega og Hilde G. Corneliussen for artikkelen «Gaming and identity construction among Immigrant youth in Norway».

Ein møteplass for fagmiljøa

Fjordkonferansen er ein møteplass for fagmiljøa i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, og konferansen i 2018 er den sjette i rekkja. Konferansen samla i år om lag 100 deltakarar. Vestlandsforsking deltok med seks bidrag i årets konferanse ved forskarane Gilda Seddighi, Carol Azungi Dralega, Hilde Corneliussen, Øyvind Heimset Larsen, Anna Urbaniak-Brekke og Zuzana Nordeng.

Det er Høgskulen i Volda, NTNU, Høgskulen i Molde, Høgskulen på Vestlandet, Møreforsking og Vestlandsforsking som har teke initiativet til Fjordkonferansen. Målet med konferansen er at det skal vere ein møteplass for fagmiljøa der formidling, læring og fagleg utvikling skal stå i fokus. I tillegg til Sparebanken Møre er Sogn og Fjordane fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Mørealliansen med og finansiere konferansen. Øyvind Heimset Larsen er Vestlandsforsking sin representant i styringsgruppa som består av åtte medlemmer frå forskings- og utdanningsinstitusjonane.

Den neste årlege konferansen er det Høgskulen I Volda som er ansvarleg for. Les meir om fjordkonferansen her: http://fjordkonferansen.no/

Du finn artikkelen som Carol Azungi Dralega og Hilde Corneliussen fekk forskarprisen for her. Arbeidet om dataspel og identitet, som er finansiert av Medietilsynet og Lotteri og stiftelsestilsynet,  er òg skreven om i Forsking.no. Heile boka Fjordantologien 2018 finn du her, utgitt som Open access på Universitetsforlaget.

Sjå også medieomtalar:

 Nettavisa til Høgskolen i Molde 

Sogn Avis

Postadresse

Vestlandsforsking 
Postboks 163 
6851 Sogndal

Telefon

906 33 600

E-post

post@vestforsk.no

Org.nr.

965 919 627 MVA

Ansvarleg redaktør

Direktør Merete Lunde

Nyheitsbrev

Me sender ut ein gong i månaden

Sosiale medium