Ungarn vil lære av norsk klimatilpassing

Vestlandsforsking driv i år overføring av kunnskap innan klimatilpassing til styresmaktene i Ungarn. I oktober 2015 var ei gruppe frå Ungarn i Sogn for å lære korleis ein har jobba med klimatilpassing i denne regionen og i Noreg generelt.

Gruppa som har vore i Sogn består av fem tilsette frå eit forskingssenter knytt til det ungarske landbruksdepartementet (HOI) og fem prosjektleiarar og opplæringskonsulentar frå selskapa Dipol, Atrois og Wessling. Besøket i Sogn var ein del av ein studietur organisert av Deborah Davies ved Vestlandsforsking.

Gruppa kom til Sogndal 28. september. Dei besøkande har gjennom fleire seminar fått innblikk i ulike sider ved klimatilpassing og klimakommunikasjon. Seminara har gått føre seg både på Vestlandsforsking i Sogndal og på Statens Hus i Leikanger, der Fylkesmannen i Sogn og Fjordane var vertskap. I tillegg har gruppa fått sjå utsette stader i Sogndal, Leikanger og Fjærland. Både ved Norsk Bremuseum og Njøs næringsutvikling vart gruppa vist rundt og fekk lytte til føredrag om tilpassing til klimaendringar. Programmet omfatta òg ein internasjonal forskarlunsj med vekt på lokal mat frå ulike regionar i Ungarn og frå Sogn. Gruppa returnerte til Bergen 2. oktober.