Nye 18,5 millionar til breiband i fylket

Sogn og Fjordane får ei ny storsatsing på breiband. Dei 18,5 millionane frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) løyser til saman 60 millionar til breiband i fylket.

Løyvinga frå Nkom løyser ut midlar frå fylkeskommunen og kommunane, som igjen gjer at leverandørane kan gå inn med sin del. Det betyr at det vert bygd ut breiband for omlag 60 millionar kroner i Sogn og Fjordane i 2016 og 2017.

– No får vi eit nytt løft og vidarefører det arbeidet vi har starta opp. Det både gleder og inspirerer.  Det viser at koordineringsjobben til fylkeskommunen gjer ein skilnad, seier fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim.

Prioriteringar frå innbyggjarar

Olav Skarsbø er prosjektleiar for breibandsatsinga i fylkeskommunen, og meiner samarbeidet mellom fylkeskommunen og kommunane fungerer svært godt.

– Dette er eit godt døme på nettopp det. I staden for at kommunane sender inn sine eigne søknader, samla vi ressursane og søkte saman. Dette er ein strategi vi har lykkast med dei to siste åra, seier Skarsbø.

Han fortel vidare at kommunane lagar prioriteringane sine ut frå behov som er melde inn frå bygdelag og innbyggarar. Det heile byrjar med bygdemøte med underskriftslister.

Sjå oversikt over kva kommunar og prosjekt som får støtte i år – og som fekk støtte i fjor – nedst på sida her.

Svært vellukka samarbeid

Forskingsleiar i Vestlandsforsking, Ivar Petter Grøtte, som var med i søknadsarbeidet, er samd med Skarsbø.

– Fylkeskommunen, IT-forum Breiband og Vestlandsforsking har jobba med denne søknaden i lengre tid. Vi sende søknaden i mai, men har jobba med han sidan november i 2014. Tildelinga er eit godt døme på at når forvaltning, forsking og næringsliv arbeider saman, så gir det gode resultat, seier han.

Skarsbø trur ikkje Sogn og Fjordane hadde fått så mykje pengar om ein ikkje hadde søkt saman og hatt ein god slagplan. Fylket har dei siste to åra fått over 58 millionar kroner frå Nkom, noko som gir ei breibandutbygging for omlag 175 millionar kroner samla.

– No byrjar jobben med å utarbeide anbodsdokument, noko vi også gjer i samarbeid med kommunane. Ryddige og gode innkjøp er avgjerande for gode sluttresultat, avsluttar Skarsbø.

Sjå oversikt over kva kommunar og prosjekt som har fått og får støtte i 2014 og 2015 på heimesida til fylkeskommunen.

Sjå også tidlegare aktueltsak