Ledig stilling som forskar på klima- og miljøområdet

test
A bird's eye view of Sogndal's university college campus and stadium buildings, where WNRI's offices are located. Foto: Falkeblikk AS

Søkjer du nye og utfordrande oppgåver og kan tenkja deg å jobba med oppdragsforsking i nært samarbeid med næringsliv og offentleg sektor, både regionalt, nasjonalt og internasjonalt? Då kan dette vera noko for deg.

Ved Vestlandsforsking er det ledig stilling som forskar på klima- og miljøområdet . Vi søkjer etter ein tverrfagleg orientert  person med masterutdanning og  med kunnskap innafor eitt eller fleire av desse forskingsområda:

  • berekraftig utvikling
  • klimapolitikk og klimatilpassing
  • industriell økologi
  • energi
  • transport og miljø

Du må vere sjølvstendig og trivast med å arbeide med oppdragsforsking. Det vil bli lagt vekt på formell kompetanse og anna dokumentert forskingsinnsats, personlege eigenskapar og nettverk. Vi legg vekt på gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, arbeidskapasitet, og evne til å inngå i faglege fellesskap på tvers av disiplinar. Du må vidare ha god munnleg og skriftleg formuleringsevne både på norsk og engelsk.

Vi tilbyr fagleg interessante og utviklande oppgåver, godt arbeidsmiljø, gode samarbeidsnettverk, fleksibel arbeidstid, bedriftsidrettslag, gode pensjons- og forsikringsordningar og gode velferdsordningar.

Lønn etter avtale. Arbeidsstad er Sogndal.

For nærare informasjon om stillinga:

Forskingsleiar Carlo Aall, tlf: 99127222, e-post: caa@vestforsk.no
Direktør Merete Lunde tlf: 99607678, e-post: ml@vestforsk.no

Send søknad med CV og publikasjonsliste elektronisk til: post@vestforsk.no

Søknadsfrist er 3. mai

Vestlandsforsking er eit forskingsinstitutt som utfører forsking og utvikling for næringsliv og offentleg sektor. Vi er 25 personar i eit spennande fagmiljø som arbeider med forsking innan klima, miljø, energi, IKT regional utvikling og reiseliv. Instituttet blei etablert i 1985 og har 30-års jubileum i år. Vi har lange tradisjonar med internasjonalt forskingssamarbeid, og vi utfører både regionale og nasjonale forskingsoppdrag. Vi held til ved Fosshaugane Campus i Sogndal i Sogn og Fjordane. Her er vi lokalisert i eit aktivt og innovativt miljø med både forsking, utdanning, idrett og entreprenørskap. Sogn og Fjordane er kjend for fantastisk natur og gode forhold for aktivt friluftsliv sommar som vinter.