Gründercamp - Framtidas Reiseliv

Torkjel Solbraa, reiselivsforskar ved Vestlandsforsking, er medlem i juryen når reiselivs- og friluftslivsstudentar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane deltek på gründercamp i regi av Ungt Entreprenørskap 31. august – 1. september i Sogndal.

Reiseliv er ei av dei raskast veksande næringane i verda. No varslar regjeringa ny reiselivspolitikk. Norge skal ta større del av den internasjonale veksten.

Korleis blir det framtidige reiselivet i landet vårt? Det er reiselivs- og friluftslivsstudentar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane utfordra til å svare på. Gründercamp er ein treningsleir i kreativitet der elevane ved hjelp av kreativitet og nytenking skal presentere ei løysing på eit oppdrag innan eit avgrensa tidsrom. I løpet av to hektiske dagar skal studentane fremje forslag til korleis reiselivet kan blomstre fram mot år 2030. Studentane skal sjå inn i glaskula og skildre framtidige reiselivsstrukturar, framtidas turistar eller innhaldet i framtidas reiseliv.

Studentgruppene skal presentere løysingane sine for ein jury som består av representantar frå NHO reiseliv og NCE, i tillegg til Torkjel Solbraa frå Vestlandsforsking. Vinnaren sitt forslag vert sendt vidare til næringsdepartementet.

Les meir her:

https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/spor-ungdommen-om-fremtidens-reiseliv/id2405819/