Alan Turing - "far" til den moderne datamaskina

Filmen "The Imitation Game" har ført til fornya interesse for den britiske matematikaren og datamaskin-pioneren Alan Turing. Turing starta med å beskriva ei "universell maskin" som svar på ei utfordring gitt av den tyske matematikaren David Hilbert. Den universelle maskina var faktisk den første beskrivelsen av ei generell datamaskin. Seinare var Alan Turing involvert i å byggja ei datamaskin basert på prisippa til den universelle maskina.

Alan Turing er viktig for alle som arbeider med IT, og særleg dei som arbeider med FoU innan fagfeltet. Sjølv om han var ein respektert matematikar i si tid, var idéane hans om datamaskina, og særleg tankane om kunstig intelligens (artificial intelligence), så visjonære at genialiteten først vart forstått lenge etter at han døydde. Interessa hans for simulering av den menneskeleg hjernen gjorde at han utforma ein test, Turing-testen, med føremål å finna ut om ein kommuniserer med eit menneske eller ei maskin. Dersom ein ikkje klarer å finna ut det, meinte Turing at maskina måtte kunna sidestillast med mennesket intelligensmessig. Turing-testen er framleis ein referansetest innan feltet kunstig intelligens.

Den fulle forståinga av Alan Turings banebrytande arbeid innan IT, kom lenge etter hans død. I 1966 vart det oppretta ein eigen pris i namnet hans, Turing-prisen (the Turing Award). Den kan seiast å vera "Nobelprisen i IT" (computer science). To nordmenn har så langt fått den; Kristen Nygaard og Ole -Johan Dahl i 2001 for arbeidet med objektorientert programmering, uttrykt i programmerings-språket Simula.

Sjølv om filmen har gitt eit positivt bidrag gjennom fornya interesse for Alan Turing, ikkje minst for eit nytt publikum, inneheld den også ei rekkje feil som gjer at den historisk sett ikkje er i samsvar med det som skjedde. Filmen handlar mest om det viktige arbeidet hans med avsøring av tyske militære meldingar, kryptert med maskina Enigma, men blir trass i god utforming og gode skodespelarprestasjonar skjemd av enkelte historiske feil. Det blir teke opp av forskar Svein Ølnes i denne kronikken i Bergens Tidende. I ein annan kronikk i Forsking.no blir dette supplert med meir informasjon om Turing sine vitskaplege bidrag. På sin eigen blogg har Svein Ølnes gitt ein utførleg omtale av boka "Alan Turing - The Enigma" av Andrew Hodges, som filmen er basert på.