Betalingsformidling 2014 og Bitcoin

Forskar Svein Ølnes var invitert til Betalingsformidling 2014 i Trondheim 4. mars for å snakka om Bitcoin.

Konferansen Betalingsformidling 2014 vart arrangert for 30. gang i Trondheim 4. og 5. mars. Rundt 200 personar frå finansnæringa var samla for å høyra siste nytt innan betaling og betalingsformidling. Eg var invitert saman med Sturle Sunde frå Florø for å snakka om Bitcoin. Arrangørane hadde snappa opp presentasjonen vår frå IT-forum 2013.

Det var stor interesse for temaet og naturleg nok også ganske stor skepsis. Noko anna vil vera rart frå aktørane i ei næring som kan bli trua med utviklinga av nye, nettbaserte krypto-valuta. Her er presentasjonen: