Nyskaping i vernepolitikken

Vitskapleg artikkel av Eivind Brendehaug

Ved oppretting av Breheimen nasjonalpark med tilgrensande verneområde i 2009 opna regjeringa for å bygge eit kulturlandskapssenter i verneområdet.

I ein vitskapleg artikkel i tidsskriftet www.utmark.org, analyserer forskar Eivind Brendehaug ved Vestlandsforsking kva som gjorde denne nyskapinga mogleg. Artikkelen bygger på eit doktorgradsarbeid som Brendehaug skal forsvare ved disputas 18. september i år ved NTNU.