Innlegg på plenumspanel i konferanse i etnobiologi

Vestlandsforsking ved Kristine Skarbø deltok i den årlege konferansen til Society of Ethnobiology i Denton, Texas, 15.-18. mai 2013.

Temaet for konferansen var klimaendringar og etnobiologi, og Skarbø deltok i det innleiiande plenumspanelet med innlegget “Coping with Climate Change:  Impacts and Adjustments in an Andean Agrarian Community”. I presentasjonen peika ho på korleis klimaendringar påverkar forholda for å drive jordbruk i Andesfjella i Ecuador, og kva bønder gjer for å takle desse endringane. Andesfjella er eit av dei områda i verda der temperaturane er venta å stige mest i dei komande tiåra. Temperaturauke har allereie ført til store endringar i omfanget av bremassar, som igjen har endra dei hydrologiske tilhøva og tilgangen til vatn for å drive jordbruk. Bønder peikar òg på endringar i kjende årstidsvariasjonar og auka press av plantesjukdomar og skadedyr som fører til avlingstap. Sjølv om dette skapar problem og utfordringar så er folk kreative og eksperimenterer med å tilpasse produksjonen så best dei kan, mellom anna ved å justere på plantetidspunkt og flytte vekstar oppover i landskapet.

Meir om presentasjonen her: http://ethnobiology.org/coping-climate-change-impacts-and-adjustments-andean-agrarian-community