Frukostseminar i samband med Fjellsportfestivalen

I samband med Fjellsporfestivalen i Sogndal vil forskarar frå Vestlandsforsking bidra med innlegg under frukostseminara.

Torsdag 21. februar kl 08.00 handlar det om skred og geofare og Carlo Aall held innlegg om korleis klimaendringar kan slå ut for pudderkøyring i Sogndalsdalen.

Fredag 22. februar kl 08.00 er temaet reiseliv og Halvor Dannevig held innlegg om korleis naturbaserte aktivitetar kan bidra til verdiskaping.

Mange interessante foredrag her - Les meir http://fjellsportfestivalen.no/frukost-seminar/

Om fjellsportfestivalen