Forskar Eivind Brendehaug disputerer 18. september 2013

Eivind Brendehaug ved Vestlandsforsking disputerer for ph.d.graden på NTNU 18. september. Avhandlinga er ein monografi med tittel: Mobilisering, makt og endring. Ein studie av deltaking i verneplanprosessen for oppretting av Breheimen nasjonalpark med tilgrensande verneområde.

Avhandlinga analyserer korleis lokale deltakarar i Luster saman med Fylkesmannen skapte endring i verneplanprosessen for oppretting av Breheimen nasjonalpark i perioden 2005-2009. Analysen i avhandlinga bygger vidare på ein analysemodell utvikla av Sverre Lysgaard i hans klassiske arbeid om arbeidarkollektivet frå 1961. Brendehaug analyserer dynamikken mellom vernesystemet (systemvilkår) og deltakarmobiliseringa (spontanitetsprosessar) og utviklar og knyter omgrepa motmakt, medmakt og avmakt til denne grunnmodellen. Kommisjonen skriv i si innstilling mellom anna at «Avhandlinga er på mange måter et nybrotsarbeid innenfor gransking av medmakt ved oppretting av nasjonalparker».

Konklusjonen er at den lokale mobiliseringa i Skjolden-området for utvikling av eit deltakarfellesskap var avgjerande. Fellesskapet utvikla eigne analyser av situasjonen og utforma endringsstrategiar for å få Fylkesmannen til å tilpasse vernet til lokale behov. Dersom slik mobilisering ikkje kjem i stand endar deltaking lett i avmakt og symbolsk deltaking. Det hadde også betydning at Fylkesmannen, som leia verneplanprosessen, hadde ein intensjon og eit system for å gi deltakarane medverknad. Embetet hadde også arbeidd i fleire år forut for denne prosessen med å utvikle ein metodikk for å integrere vern og bruk, ei erfaring som kom godt med i dette arbeidet. Saman fekk deltakarane og Fylkesmannen utvikla og implementert i verneforskrifta høve til å etablere eit kulturlandskapssenter inne i verneområdet trass i at Direktoratet gjekk imot. Dette er det fremste eksemplet på medmakt i verneplanprosessen. Fleire utviklingstiltak for området er seinare gjennomført, mellom anna opprusting av buføringsvegen i Mørkridsdalen. Det viser at verneplanprosessen endra på relasjonane mellom partane og har skapt nye moglegheiter.

Disputasen skjer ved NTNU i Trondheim. Prøveforelesinga vil bli halden i Rådhussalen, Hovedbygningen, Gløshaugen, onsdag 18. september kl 10.15 og oppgitt tema er: "Diskuter begrepet medmakt i offentlige prosesser i forhold til demokratiteori og spesielt i lys av Mouffes kritikk av begrepet deliberativt demokrati."

Disputasjen vil bli på same stad som prøveforelesinga og startar kl 13.15.

Vestlandsforsking ynskjer lukke til.

Sjå meir på NTNU si nettside