Vil heller ha behageleg enn effektiv klimapolitikk

Unge studentar er mest positive til klimatiltak som dei merkar lite til i dagleglivet. Dei stør heller tiltak dei ikkje trur har klimaeffekt enn tiltak dei vil merke i eige daglegliv og i eiga lommebok.

Dette er eitt av dei viktigaste funna i ei spørjeundersøking som forskarar frå Vestlandsforsking har vore med å gjennomføre. Sjølv om deltakarane i spørjeundersøkinga ikkje representerer eit tverrsnitt av befolkninga, visar svara at vi ikkje kan ta for gitt at alle som trur at klimaendringane er menneskeskapte nødvendigvis vil stø effektive klimatiltak. Når dei skal ta stilling til kva dei synst om tiltaka, er det tydeleg at andre omsyn enn klima òg kjem med i vurderinga. Mellom anna er fleirtalet imot auka avgifter på fossile drivstoff, sjølv om mange trur at det ville ha god klimaeffekt.

Undersøkinga blei gjort blant studentar i økonomi, administrasjon og reiseliv på tre ulike lærestader i Noreg. Studentane svarte mellom anna på om dei trur klimaendringane er menneskeskapte, og dei fekk òg kunnskapsspørsmål om klimagassutslepp. Deretter skulle dei ta stilling til nokre konkrete forslag til klimatiltak, om dei trur dei ville fungere og om dei ville støtte at tiltaka blei innførte.  Studentane hadde ein tendens til å støtte tiltak som generelt er positivt for miljøet og som ikkje grip inn i folk sin livsstil. Dette gjer mange villige til å støtte tiltak som dei ikkje trur har særleg klimaeffekt, mens mange har ein tendens til å vere imot tiltak dei trur fungerer. Dei studentane som trur at klimaendringar er menneskeskapte, og som har gode kunnskapar om kva for aktivitetar som kan føre til klimaendringane, er likevel dei som i størst grad er villige til å gå inn for tiltak som grip inn i eige daglegliv for å løyse klimaproblemet. Undersøkinga blei gjennomført i 2009.

Resultata av undersøkinga er presentert i ein artikkel i Environment & Behavior, skrive av Lynn Rosentrater (UiO), Ingrid Sælensminde (Vestlandsforsking), Frida Ekström (Vestlandsforsking), Gisela Böhm (UiB), Ann Bostrom (University of Washington, USA), Daniel Hanss (UiB) og Robert E. O’Connor (National Science Foundation, USA). Undersøkinga blant norske studentar er del av ei større undersøking blant studentar i ei rekkje land, og heile undersøkinga er tidlegare presentert i ein artikkel i Global Environmental Change.

Full referanse til artikkelen:
Rosentrater, Lynn, Ingrid Sælensminde, Frida Ekström, Gisela Böhm, Ann Bostrom, Daniel Hanss and Robert E. O’Connor (2012): ’ Efficacy Trade-Offs in Individuals’ Support for Climate Change Policies’. Environment & Behavior.  Published online before print July 17, 2012, doi:10.1177/0013916512450510

Artikkel frå same prosjekt:
Bostrom, Ann, Robert E. O'Connor, Gisela  Böhm, Daniel Hanss, Otto Bodi, Frida Ekström, Pradipta Halder, Sven Jeschke, Birgit Mack, Mei Qu, Lynn Rosentrater, Anethe Sandve, Ingrid Sælensminde (in press): 'Causal Thinking and Support for Climate Change Policies: International Survey Findings'Global Environmental Change, vol. 22 (1), pp. 210-222.