VF arrangerer seminaret "ISO 15926 and Semantic Technologies"

Seminaret "ISO 15926 and Semantic Technologies" blir i desse dagar arrangert for 5. gong i Sogndal, av Vestlandsforsking. GDF Suez og Norges forskingsråd er sponsorar av arrangementet.

I år er det rundt 30 deltakarar og det er nær grensa som er sett, for seminaret er planlagt som eit relativ lite  seminar med tett dialog mellom dei som presenterer og deltakarane elles. Av den grunnen er seminaret ikkje heilt ope, men basert på inviterte deltakarar. Seminaret er internasjonalt med deltkarar frå mange land.

ISO 15926 er ein standard for dataintegrasjon, særleg brukt i oljesektoren. Sjølv om utgangspunktet for seminaret har vore, og er, ISO-standarden, har det gradvis utvikla seg til å ta opp andre semantiske standardar og teknologiar. I fjor var hovudtemaet lenka data (Linked Data), og i år er temaet store datamengder (Big Data).