Superenkel forsking om videomøte

Norwegian har ein reklameserie der dei presenterer ulike funn frå "superenkel forsking", ting som er heilt innlysande for folk flest. Eg tenkte på kampanjen då eg såg ein lesar-kommentar til NRK Sogn og Fjordane sitt oppslag om forskingsrapporten om bruk av videomøte.

Å finna ut at folk sparer tid og pengar på bruk av videomøte, kan på mange måtar kallast superenkel forsking. Då vi utarbeidde spørjeundersøkinga i oppdraget for Distriktssenteret om bruk av videomøte og nettoverføring, var både vi og Distriktssenteret klar over at delar av resultata kanskje kunne oppfattast som å slå inn opne dører.

Men det viste seg også at det fanst veldig lite informasjon om bruk av videomøte og utbreiing av utstyr. I tillegg visste vi frå prosjektet Kunnskap kryssar grenser at dokumentasjon av sparte utgifter og arbeidstid ikkje var vanleg, og at størrelsen på innsparingane overraska dei fleste involverte.

Så sjølv om det kan synast opplagt at ein kan spara mykje på bruk av videomøte, kan vi heller snu på det og spørja kvifor ikkje fleire då brukar teknologien. Det er det spørsmålet vi har prøvt å svara på i undersøkinga for Distriktssenteret.

Her er artikkelen frå NRK Sogn og Fjordane med tilhøyrande kommentar frå ein noko frustrert lesar.