Spesialnummer av tidsskriftet Local Environment med viktige bidrag frå Vestlandsforsking

Forskarar ved Vestlandsforsking har bidrege med fire av tolv artiklar i eit spesialnummer av det vitskaplege tidsskriftet Local Environment, som oppsummerer internasjonal forsking om klimatilpassing i dei nordiske landa.

Viktige bodskapar som kjem fram i spesialnummeret er at klimatilpassing framleis berre skjer i svært avgrensa grad i dei nordiske landa, sjølv om mange aktørar rapporterer at dei allereie no meiner å erfare konsekvensane av klimaendringar. Vidare kjem det fram at det konkrete tilpassingsarbeidet som likevel skjer, i stor grad vert gjort av føregangskommunar; kommunar som ligg i forkant av både andre kommunar og statlege styresmakter på dette området. Samstundes kjem det fram at når føregangskommunane analyserer si sårbarheit for klimaendringar, blir dette nesten utelukkande forstått som eit lokalt problem - som følgje av at klimaet lokalt vert endra. Dermed fell den globale delen av problematikken utafor dei lokale analysane, som t.d. spørsmål om kva faren for redusert global  matvaretryggleik kan ha å seie for forvaltning av dyrka mark lokalt. Eit slikt avgrensa lokalt perspektiv kan gjere at avstanden målt i grad av alvor ofte blir stor mellom lokale klimasårbarheitsanalysar og dei globale analysane frå FN sitt klimapanel. Dette kan i sin tur føre til problem når det gjeld oppslutning lokalt om å gjennomføre radikale tiltak for også å redusere utsleppa av klimagassar.

Forskingsleiar Carlo Aall ved Vestlandsforsking er den eine av tre gjesteredaktørar for spesialnummeret, og har skrive innleiinga saman med Annika Carlsson-Kanyama ved FOI, Totalförsvarets forskningsinstitut i Sverige og Grete Hovelsrud ved Nordlandsforskning/CICERO.
Vidare har Carlo Aall bidrege med ein artikkel som samanliknar dei tidlege erfaringane frå arbeidet med lokal klimatilpassing med tidlegare erfaringar frå arbeidet med lokalt miljøvern og Lokal Agenda 21 i Norge.

Forskar Halvor Dannevig ved Vestlandsforsking er førsteforfattar for ein artikkel som drøftar erfaringane med å utvikle og gjennomføre klimatilpassing i 8 norske kommunar. Artikkelen er skrive saman med to forskarar frå CICERO.

Doktorgradsstipendiat Kyrre Groven ved Vestlandsforsking og Carlo Aall er første- og andreforfattar for ein artikkel som samanliknar sivil beredskap og klimatilpassing i Norge, Sverige og Nederland. Artikkelen er skrive saman med tre forskarar frå Sverige og Nederland.

Spesialnummeret byggjer på inviterte bidrag frå den første nordiske forskarkonferansen om klimatilpassing som vart arrangert hausten 2011 i Stockholm. Spesialnummeret vert lagt fram under den andre nordiske forskarkonferansen om klimatilpassing i Helsinki 29.-31. august i år (sjå www.nordicadaptation2012.net).

Artiklane er tilgjengelege på http://www.tandfonline.com/toc/cloe20/current. For meir informasjon kontakt Carlo Aall, mobil 99 12 72 22, Halvor Dannevig, mobil 97 67 63 97 eller Kyrre Groven, mobil 99 12 73 44.