Simply the best!
Kommunane i Sogn og Fjordane er best på nettet. Det gjeld i alle fall om me legg Difi si årlege kvalitetsvurdering til grunn.
Difi si årlege kvalitetsevaluering av offentlege nettstader vart offentleggjort før jul. Resultata for 2011 viser at kommunane i Sogn og Fjordane er dei beste i landet, om me ser på fylkesvise gjennomsnittstal.
Det er rett nok tett i toppen, men Sogn og Fj. er likevel fremst:
1. Sogn og Fjordane (71,0 %)
2. Akershus (70,9 %)
3. Østfold (70,7 %)
Prosenttala viser oppnådde poeng i forhold til maksimalt muleg poengskår. For ordens skuld er fylkestala eit gjennomsnitt av prosentvis skår for alle kommunane i fylket.
Kvalitetsindikatorane som ligg til grunn for evalueringa, er delt i tre hovudområde:
- Tilgjengelegheit
- Brukarvennleg nettstad
- Nyttig innhald
På det første området er Sogn og Fjordane klart best, med eit gjennomsnitt på 75,2 % mot 69,9 % for det nest beste fylket (Vestfold).
Kven skal så ha æra for dette resultatet? Det er sjølvsagt i første rekkje kommunane sjølve. Men ei viktig forklaring i tillegg er truleg at IKT er sett på dagsorden på ein tydelegare måte i fylket vårt enn i mange andre. Her har Fylkesmannen og Fylkeskommunen sine Fornyingsmidlar særleg innretta mot omstilling i offentleg sektor, bidrege.
Fornyingsprogrammet har finansiert fleire store kommunale prosjekt med sikte på å auka bruken av IKT og betra kvaliteten på nett-tenester. Her kan det nemnast at i 2007/08, før fleire av desse prosjekta vart sette i gang, låg Sogn og Fjordane nesten på botnen i Difi si kvalitetsevaluering. I ein av prosjektsøknadene frå denne tida, heiter det:
"Kommunane i Sogn og Fjordane er dessverre mellom dei dårlegare i landet vurdert etter Difi sine kvalitetsevalueringar. Med Miside-løftet er det sett i gang eit arbeid for å løfta kvaliteten og med dette prosjektet ["Beste praksis for Los"] skal Los-delen av dette fullførast."
Her må ein kunna seia at prosjektmålet vart oppfylt. Og så må det sjølvsagt leggjast til at Difi sine kvalitetsindikatorar ikkje seier alt om IKT-tilstanden i offentlege verksemder. Dei er eit nødvendig, men ikkje tilstrekkeleg grunnlag for IKT-arbeidet.