Seminar om innovasjon i offentleg sektor

Vestlandsforsking arrangerer i dag (26.10.12) seminar om forskingsbasert innovasjon i offentleg sektor saman med Høgskulen i Sogn og Fjordane. Den nye offensiven frå Forskingsrådet på dette området er ein viktig bakgrunn.

Forskingsrådet har sett innovasjon i offentleg sektor på kartet og til seminaret kjem divisjonsdirektør Jesper Simonsen for å orientera om kvifor dette er viktig for dei. Direktør Paul Chaffey i Abelia vil reflektera over kvifor innovasjon i offentleg sektor er viktig. Elles blir det korte innlegg av lokale leiarar i fylket og drøfting av vidare arbeid med dette temaet.

Her er programmet:

 

FORSKINGSBASERT INNOVASJON I OFFENTLEG SEKTOR

-kva er forskingsbasert innovasjon?

-kva er behova og kva kan vere strategiar i vårt fylke?

-har vi grunnlag for samarbeid?

Arrangør:

VF og HiSF i samarbeid med Forskningsrådet

PROGRAM:

FoU i offentleg sektor – innovasjon og nyskaping – kva problem vil vi løyse i Sogn og Fjordane?

10.15 Kaffeprat

10.30 Kvifor satsar Forskningsrådet på innovasjon i offentleg sektor?

Divisjonsdirektør Jesper Simonsen, Norges Forskningsråd

11.00 Kva meiner vi med innovasjon – og kva skal vi med innovasjon i offentleg sektor?

Ein refleksjon v/adm.dir Paul Chaffey, Abelia

11.30 Kva behov skal vi møte med forsking, innovasjon og nyskaping i offentleg sektor i vårt fylke, og kva er vår rolle?

Korte innlegg:

V/Fylkesrådmann Tore Eriksen, Sogn og Fjordane fylkeskommune

V/Fylkesmann Anne Karin Hamre, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

V/Regiondirektør Halvor Flatland, Innovasjon Norge Sogn og Fjordane

Drøfting

12.15 Lunsj

13.00 Rundebordsdiskusjon med korte førebudde innlegg:

 

  • Forsking og innovasjon – kva behov er viktig for kommunane å møte? V/styreleiar Jenny Følling, KS Sogn og Fjordane
  • Kan vi gjennom innovasjon endre arbeidsformer og haldningar? V/fylkesdirektør Tore Thorsnes, NAV Sogn og Fjordane
  • Forsking og innovasjon i helsetenesta og i samhandling med omverda V/samhandlingssjef Vidar Roseth, Helse Førde
  • Difi som innovasjonsaktør, korleis vil vi bidra? V/avd.direktør Jostein Fondenes, Difi

 

Drøfting

14.15 Korleis kan vi i samarbeid bidra til å auke nytten av FoU i offentleg sektor?

Korte innlegg frå forskingsmiljø

 

  • Høgskulen i Sogn og Fjordane v/viserektor for forsking Erik Kyrkjebø
  • Vestlandsforsking v/direktør Agnes Landstad
  • Regionalt Forskingsfond Vest-Norge ved styreleiar Åshild Kjeldsnes