Meteorologi og opne data

Den 16. IT-forumkonferansen er akkurat avslutta, og mellom mange gode presentasjonar festa eg meg ved Kristin Lyng, Meteorologisk institutt, som fortalde om instituttet sin politikk for opne data.

Meteorologisk institutt har vorte halde fram som mønstereleven for tilgjengeleggjering av (opne) data. Gjennom Yr.no-samarbeidet med NRK har dei fått ei merksemd og ein distribusjon av data som dei fleste berre kan drøyma om. Dei har 125 mill. spørjingar frå 4,5 mill. unike brukarar.
Yr.no er ei lettvektsutgåve av verdata og handsaming av desse, og alt som blir vist på yr.no kan lastast med via eige API (data-grensesnitt).

Vedtektsfesta formidlingsansvar
Den grunnleggjande forklaringa på Met. inst. sin datapolitikk ligg i følgje Kristin Lyng i vedtektene: Dei har vedtektsfesta ei formidling av verdata. Samarbeidet med NRK er difor av ikkje-eksklusiv karakter; Met. insti. kan samarbeida med alle.

Lisensar: Creative Commons
Dei brukar CC-lisensar sjølv om datasetta ikkje er definerte som åndsverk. Det er difor ei praktisk tillemping; CC-lisensane ("Namngiving 3.0 Norge (CC BY 3.0)") har vist seg å fungera veldig bra. Det blir færre spørsmål om kva data kan brukast til, og det sparer arbeid. CC-lisensen "Namngiving" er i realiteten berre eit krav om kjeldetilvising.

Delingskultur
Delingskultur er ein raud tråd på tvers av fagmiljøa hos Met. inst. Forskingsmiljøet publiserer i open access-journalar så langt råd er, varslingstenesta er opptekne av formidling og opne data og it-miljøet er også opptekne av deling og opne data. Sjekk delingsbloggen på it.met.no

Kristin Lyng understrekar kor viktig det er å ha med leiinga for å få resultat. Ved instituttet prøvde dei først å redusera prisen på verdata for å få opp bruken, men sjølv om dei reduserte prisen til 1/10, skjedde det ikkje noko. Først då dei bestemde seg for å sleppa data fri, vart det fart i sakene. Og sjølvsagt har yr.no ein god del å seia for dette.

Viktige tekniske føresetnader

  • Skalerbar infrastruktur
  • Standardformat
  • "Forværelse" for data: Cache for å "vaska" spørjingar og beskytta interne system
  • Versjonering
  • Ofte stilte spørsmål
Viktige organisatoriske føresetnader
  • Ikkje bry deg om brukarane! (ikkje bruk tid på å finna ut kven potensielle brukarar er, og bruk heller ikkje tid og krefter på innlogging/autentisering)
  • Start med data! Kan data våre tilgjengeleggjerast?

 

Her er det mange offentlege verksemder som har mykje å læra!