Livssituasjonar og digitale tenester

Livssituasjonar som scenario for evaluering av offentlege digitale tenester er eit svært aktuelt tema i EU. I Norge derimot, er det overraskande lite interesse for denne måten å sjå tenester i samanheng på. Kan det skuldast mangel på reell brukarorientering?

Livssituasjonar = kontekst
Livssituasjonar er som namnet seier namnet på typiske gjeremål på ulike stadium av liva våre. Eksempel på slike fasar med tilhøyrande sett av offentlege (og private) tenester og plikter, er å få barn, barnehage, skule, utdanning, husbygging/kjøp av husvere osv.

Den enkelte innbyggjaren leitar ikkje etter enkelttenester eller skjema, men samhandlar med det offentlege ut får den aktuelle livssituasjonen. Alt handlar sjølvsagt ikkje om livssituasjon. Rapportering av sjølvmelding og betaling av skatt er neppe ein livssituasjon, og det kan også stillast spørsmål om å betala skatt eigentleg er ei teneste, og i tilfelle for kven? Men det er ein annan diskusjon . Mykje av samhandlinga med det offentlege er likevel ofte ut frå ein livssituasjon.

Livssituasjonar = brukarorientering
Å forstå at innbyggjarane er i slike situasjonar og handlar ut frå dei, handlar om å setja seg i brukaren sin situasjon – brukarorientering rett og slett. Innbyggjaren er ikkje interessert i det spesielle digitale skjemaet om nabovarsel, men i heile prosessen som gjeld bygging. Dessverre er offentleg sektor generelt litt for opptekne av det digitale skjemaet , og ikkje konteksten som ofte er ein livssituasjon.

EU har sett at dette er viktig og introduserte i 2010 livssituasjonar som ein del av evalueringa av e-forvaltning i medlemslanda. I det føreslåtte rammeverket for evaluering i perioden 2012 – 2015 har dei introdusert ei forsterka vekt på livssituasjonar. Det er etter mi vurdering eit (godt) forsøk på å sjå digitale tenester frå eit brukarperspektiv. I Norge kan vi seia at det offentlege ikkje ser livssituasjonar for berre skjema.

Statens informasjonsteneste og LivsIT
På midten av 1990-talet vart IT-systemet LivsIT etablert av Statens informasjonsteneste og med pådrivaren Flemming Skahjem-Eriksen. Det var eit system for deling av offentleg informasjon og det berande elementet var livssituasjonar, derav namnet LivsIT. Flemming arbeida utrøytteleg med denne idéen, men den vart dessverre aldri heilt fullført. I 2003 evaluerte Vestlandsforsking LivsIT-prosjektet for KS. Konklusjonen vår var at LivsIT var eit nyskapande prosjekt med eit stort potensial, men med ein for dårleg grunnstruktur.

LivsIT -> Los
I 2005 fekk Norge.no ansvaret for å ombygging av LivsIT ut frå evalueringa, og det reviderte systemet vart kalla Los. Her var offentlege tenester det sentrale, og livssituasjonar var ein av fleire mulege fasettar informasjonen kunne sjåast på. Dessverre har Los hatt same skjebne som LivsIT: trass i stor interesse særleg frå kommunane, ser det ut til å visna bort på grunn av manglande støtte og drivkraft frå prosjekt¬eigaren Difi.

Eg seier dessverre, fordi Los (og gamle LivsIT) har element som er viktige i arbeidet med å skapa ein meir brukarorientert inngang til offentleg informasjon og tenester. Livssituasjonar er eitt av elementa, eit felles vokabular for offentlege tenester er eit anna. Og det heile er eit system for enklare informasjons-utveksling i offentleg sektor, særleg utveksling mellom stat og kommune.