Ledig stilling som forskar

Vestlandsforsking søkjer deg som vil arbeide med oppdragsforsking knytt til områda regional utvikling og innovasjon med IKT som muleggjerande teknologi.

I stillinga skal du bidra til å utvikle kunnskap om regional utvikling og innovasjon, lokale og regionale næringsmiljø og innovasjonssystem og vilkår for kunnskapsbasert utvikling. Vi arbeider tverrfagleg og ønskjer å inkludere faglege perspektiv frå fleire disiplinar. Forskarane deltek i regionale, nasjonale og internasjonale prosjekt, og stillinga kan difor innebere ein del reising.

Vi søkjer fortrinnsvis ein medarbeidar med erfaring frå forsking og med utdanning på doktorgradsnivå, men også hovudfag/mastergradsnivå vil bli vurdert. Du må vere initiativrik, sjølvstendig og må trivast med å arbeide oppdragsbasert og i grupper. Ved tilsetjing blir det lagt vekt på formell kompetanse, dokumentert forskingsinnsats og utgreiingsarbeid innan relevante fagområde og personlege eigenskapar. Som forskar må du vidare ha god formuleringsevne munnleg og skriftleg både på norsk og engelsk.

Vestlandsforsking kan tilby ein utfordrande jobb, gode samarbeidsnettverk, god kontakt med oppdragsgivarar og fagleg interessante og utviklande oppgåver. Vi har som mål å gi dei tilsette gode vilkår for vidare fagleg og personleg utvikling. Vi kan tilby gode kontorlokale, triveleg arbeidsmiljø og samarbeid med ein velkvalifisert forskarstab i det nye Fosshaugane Campus. Du får stor fridom til å arbeide med det som interesserer deg mest, så sant finansiering er på plass.
Lønn etter avtale. Tilsetjingsvilkår etter gjeldande reglar ved Vestlandsforsking, m.a. tenestepensjon i KLP. Arbeidsstaden er Vestlandsforsking i Sogndal.

Meir informasjon får du hjå:
•    Forskingsleiar Ivar Petter Grøtte, tlf 90828418, ipg@vestforsk.no
•    Direktør Agnes Landstad, tlf 91546610, ala@vestforsk.no

Søknad med CV skal sendast elektronisk til: post@vestforsk.no
Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar/anna dokumentasjon sender du til:
Stiftinga Vestlandsforsking, Postboks 163, 6851 SOGNDAL.

Søknadsfrist er 26. mars 2012

Stiftinga Vestlandsforsking er eit oppdragsforskingsinstitutt som utfører forskingsoppdrag for offentleg forvaltning og næringsliv både nasjonalt og regionalt, for Norges Forskningsråd og innanfor EU sine programsatsingar saman med internasjonale samarbeidspartar. Vi er om lag 30 personar i eit spennande fagmiljø som arbeider med forsking innan informasjonsteknologi (IKT), regional utvikling og innovasjon, reiseliv, energi, miljø og klima. Vi held til i Fosshaugane Campus i Sogndal i Sogn og Fjordane. På Campus er vi lokalisert i eit aktivt og internasjonalt forskings-, utdannings-, idretts- og bedriftsmiljø med over 500 tilsette og eit aktivt studentmiljø, m.a ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Sogn er kjend for fantastisk natur og gode forhold for aktivt friluftsliv sommar som vinter. Sogndal vart i 2011 kåra til Norges beste UTE-stad.