Innovasjon i offentleg sektor

Temaet var innovasjon i offentleg sektor og møteplassen var Samhandlingsarena. Det siste er ein møteplass arrangert av Forskingsråd-prosjektet Semicolon og stiftinga Norstella.

 

Innovasjon i offentleg sektor er eit vidt omgrep, så vidt at det er vanskeleg å vita kor ein skal starta. Bakgrunnen for møtet var Forskingsrådet si nye satsing på dette, difor var i utgangspunktet rammene den innovasjonen som treng forskingsmedverknad. Men innleiingar og diskusjon gjekk ein god del ut over det.

Forskingsrådets definisjon på innovasjon er:

”Innovasjon er nye eller vesentleg forbetra varer, tenester, prosessar, organisasjonsformer eller marknadsføringsmodellar som blir tekne i bruk for å oppnå verdiskaping og/eller samfunnsnytte”

Divisjonsdirektør Jesper W. Simonsen frå Forskingsrådet gjorde først greie for arbeidet med innovasjon i offentleg sektor frå deira ståstad. Forskingsrådet har i lenger tid hatt innovasjon på programmet, men klart uttalt berre for næringslivet. Det har vorte klart at det er eit behov for ei liknande satsing for offentleg sektor.

Direktør i Difi, Hans Chr. Holte, orienterte om innovasjonsarbeid i offentleg sektor sett frå Difis ståstad. Han meinte at situasjonen i offentleg sektor er variert når det gjeld innovasjonsgrad. Han såg m.a. eit stort potensial for innovasjon i offentlege innkjøp. Han var også inne på innovasjonskultur, noko som også var framme i diskusjonen etterpå.

Han brukte til slutt opne data og Difi-campen som eksempel på innovasjon: Kvar sommar inviterer Difi Leikanger IKT-studentar til Difi-camp der ulike utfordringar blir løyste utviklingsmessig. I sommar vart det utvikla ei teneste for refusjon av pasientreiser. Tenesta brukar i stor grad opne data for å forenkla arbeidet med utfylling for den det gjeld.

Direktør for innovasjon og fornying i KS, Trude Andresen, innleia så om innovasjonsarbeid i kommunesektoren. Ho meinte at ordet ”innovasjon” var ein brems i seg sjølv, det er eit ”kleint” ord som ho sa. I KS prøver dei å alminneleggjera innovasjon ved å snakka om det som ’nytt’, ’nyttig’ og ’nyttiggjort’. På den måten får dei inn dei sentrale dimensjonane nyskaping, verdiskaping og gjennom¬føring/gevinstrealisering.

Heidi Arnesen Austlid, direktør for samfunnskontakt i IKT Norge, avslutta innleiingane. Ho understreka sterkt behovet for kontakt med brukarane og var skeptisk til til offentleg sektor, særleg statleg del, sin evne til innovasjon sidan ein har så store problem med å nærma seg og forstå brukarane. Ho brukte eksempel frå Oslo kommune og samanlikna med København og Stockholm for å understreka kor langt vi faktisk ligg etter. Særleg har Stochholm by sett seg djerve mål for digitalisering. Det er verdt å merkja seg at dei ikkje lenger snakkar om å ”setja brukaren i fokus”, men å ”setja seg inn i brukarens fokus” – ein viktig skilnad.

Diskusjonen etterpå var lang og omfattande og det er berre muleg å referera enkelte stikkord:

Innovasjonskultur
Er offentleg sektor verkeleg rigga for innovasjon? Har ikkje dei siste tiåras utvikling med målstyring,  rapportering, kontroll og generell frykt for å gjera feil skapt eit fundament som er stikk i strid med ein innovasjonskultur? Artiklar i Aftenposten i det siste styrkar denne mistanken, jf. kronikk av avd.dir. i Kulturdepartementet, Eivind Tesaker.

Også frå deltakarane i salen kom det eksempel som ikkje akkurat styrka førestillinga om ein innovasjonsklar offentleg sektor.

Tillit og rom for feil er to avgjerande føresetnader for å lykkast med innovasjon. Det er eit stort spørsmål om offentleg sektor har ein slik kultur i dag. Det er i det minste eit interessant tema for forsking!

Tesakers påstand om frykten for å gjera feil, og eit byråkrati som veks medan produktiviteten går ned, blir også støtta av fleire tidlegare statsrådar.

Myndigheitsutøving og tenestetilbyding: 
Eg tok opp problemet med å skilja mellom offentlege myndigheiter sine ulike oppgåver. Ikkje alt offentleg sektor gjer, er tenestetilbod, men i omtalen vår ser det ut som det berre er snakk om tenester. Eg meinte at det ligg eit stort arbeid i å sortera og definera omgrepa me brukar, slik at me veit kva me snakkar om. Er det tenestedelen av offentleg sektor Forskingsrådet konsentrerer seg om, eller er det heile oppgåveregisteret? Simonsen svarte at det i hovudsak er tenesteområdet, men at det ikkje er heilt avgrensa til det.

Innovasjon i næringslivet og offentleg sektor:
Det vart peikt på at det ikkje må vera motsetning her, men at innovasjon i offentleg sektor også må omfatta næringslivet. Offentleg sektor kan også læra ein god del av næringslivet om innovasjon. Men det vart også presisert at offentleg sektor har andre oppgåver enn tenester til innbyggjarane (ref. min kommentar tidlegare) og at ein også må vera medviten på desse skilnadene og ikkje ukritisk ta til seg innovasjonsretorikken frå næringslivet.

Brukarmedverknad:
Brukarmedverknad og brukarorientering var eit viktig tema, både i innleiinga og i diskusjonen. Det er likevel ikkje sikkert at all innovasjon skal vera brukarstyrt eller ha brukarmedverknad. Det finst situasjonar der brukarane ikkje veit kva dei vil, eller kan få. Det klassiske utsagnet er Henry Ford som vart spurt kvifor han ikkje spurde kundane kva bil dei ville ha. Han svarte at viss han hadde spurt dei, ville han fått til svar ”ein raskare hest”. Apple og Steve Jobs er eit anna eksempel. Apple er mellom dei mest innovative IT-selskapa, men er kjende for å involvera brukarane i liten grad. Likevel treffer dei veldig godt med dei nye produkta og tenestene.

Standardisering:
Hemmar eller fremjar standardisering innovasjon? Det er eit vanskeleg spørsmål. Standardisering kan på ein måte oppfattast som at det ikkje er rom for nyskaping på eit område; døra er lukka – reglane er skrivne. På den andre sida er det nødvendig med eit felles fundament for å kunna skapa nye ting, og det felles fundamentet må omfatta felles standardar. Felleskomponentar vart halde fram som eit av områda der det trengst standardisering, men som Holte sa kunne også slike bli hemmande for innovasjonen om dei vart for tunge og for omfattande.

På Norstella sine nettsider ligg innleiingane og oppsummering av diskusjonen.