Fruktbart samarbeid mellom reiselivet og hagebruket

Turistane har fått nye opplevingar grunna betre samarbeid mellom frukt- og bærnæringa og reiselivet på Vestlandet. Vestlandsforsking har evaluert tilbodet frå 40 hagebruksbedrifter i Sogn og Fjordane og Hordaland.

Mangfaldet aukar i form av fleire ulike typar cider, most og fruktbrennevin. Bedriftene tilbyr både smaksprøvar, omvisning, servering og eit større utval produkt i gardsbutikkane. Forskinga viser at drivkrafta for nyskapingane kjem frå kombinasjonen av hagebrukarane sin eigen drivkraft til å skape noko nytt, samarbeidet med reiselivsnæringa, motivasjon skapt av direkte kundekontakt og fagleg utvikling gjennom lokale kolleganettverk.

Sjå foredraget til forskar Eivind Brendehaug "Utvikling av lokalmattilbodet i reiselivet  - vilkår for endring og utvikling" som blei halde på Sundvollen hotel 24. oktober.