Forskingsrådet: Mykje styr for små midlar

Erfaringane våre frå ein søknad til eit norsk-tysk samarbeidsprogram førte til eit brev til Forskingsrådet der vi etterlyser meir effektive rutinar for tildeling av små midlar.

 

Vestlandsforsking søkte om støtte til forskarsamarbeid med Universität Leipzig gjennom eit tysk-norsk program (DAADppp) hausten 2011 og fekk avslag. Avslag er ein del av kvardagen, og når summen er kr 50 000,- pr. år i to år ville vi vanlegvis berre teke avslaget til orientering og ikkje tenkt så mykje meir på det. Sjølv for eit lite institutt som VF er dette småpengar. Men behandlinga av søknaden fekk oss til å undra oss litt over ressursbruken i Forskingsrådet og undringa enda med dette brevet der vi oppfordrar Forskingsrådet om å finna meir effektive rutinar for tildeling av små midlar.

Små midlar krev effektiv søknadsbehandling
Vi er opptekne av at avgrensa midlar til forsking blir forvalta på den beste og mest effektive måten, slik at resultatet blir mest muleg og best muleg forsking. Vi stiller difor spørsmål ved rasjonalet i at  så små søknader og så små midlar som det her er snakk om, blir underlagt ein såpass omfattande evalueringsprosess. I slike høve bør det etter vår meining vera nok med ei sjekkliste med minimumskrav til prosjekt, og så ei enkel vurdering av om desse kriteria er møtte eller ikkje. På den måten kan meir av midlane gå til støtte av forskar¬samarbeid, noko vi meiner er svært viktig og bør prioriterast høgt.

Kva med ei enkel sjekkliste?
Vi såg helst at alle søknader som stetta minimumskrava, vart støtta gjennom programmet. Dersom  avsette midlar ikkje strekkjer til, vil vi tilrå ei loddtrekking mellom dei innsende søknadene i staden for ein ressurskrevande evalueringsprosess.

Kva verdi har ei evaluering utan ekspertar på området?
Når vi no har fått ei tilbakemelding på evalueringa av søknaden vår, er vi ytterlegare styrka i trua på at ordinære fagevalueringar for denne typen prosjektsøknader og -midlar er lite tenleg, sett i lys av både innhald i prosjekta og proporsjonane mellom bevilgningsstorleik og ressursbruk. Vi har vore så heldige å få sjansen til eit samarbeid med eitt av dei leiande akademiske miljøa innan lenka data (Linked Data) i Europa om  ein teknologi utvikla av Sir Tim Berners-Lee som blir halden fram som  viktig for utvikling av verdsveven dei komande åra. Dette samarbeidet satsar vårt institutt sjølvsagt på, med eller utan prosjektmidlar frå Forskingsrådet.

 

Universität Leipzig og professor Sören Auer
For dei som ikkje kjenner professor Sören Auer er han ein av dei leiande forskarane innan lenka data (Linked Data). Lenka data er ”hot stuff” for tida med ei mengde aktivitetar og stadig meir publisering av opne data i dette formatet. Sören Auer har vore sentral i arbeidet med DBpedia, LD-versjonen av  Wikipedia og navet i LOD-skya. Auer er også prosjektleiar for det viktigaste EU-prosjektet innan lenka, opne data, LOD2-prosjektet. Eit samarbeid med dette miljøet er sjølvsagt viktig for Vestlands­forsking og noko vi prioreterer høgt. Vi trudde også at Forskingsrådet ville sjå slik på det, men der tok vi feil.