Er det skilnad på analyse og mål i reiselivet?

I Vestlandsforsking sine analyser av reiselivet sin berekraft- og klimapåverknad kjem det fram at interkontinentale flyreiser og cruise-turisme har eit høgt energiforbruk og CO2 utslepp per personkilometer samanlikna med andre ferieformer. Ofte får vi reaksjonar på slike analyser i form av ” … vil dere forby fly og cruise dere da?” eller ”er det bedre at turistene reiser til Sverige og Finland i stedet?”

Truverde i forsking har å gjere med at dei analysane du gjer er basert på empiriske data om ein tilstand og ikkje er farga av mål, ønskjer eller behov. Analyseresultat seier lite om kor du skal, men er grunnlag for korleis du bør manøvrere for å nå dit du vil. Forsking er som orienteringssporten og friluftslivet generelt, det er avgjerande at du veit kor du er før du kan ta ut ein kurs for å kome dit du vil. Lar du din posisjon vere farga av kor du vil kjem du fort på vidvanke, og dine nærmaste må sette i gang ettersøking. Difor kan du ikkje tukle med analyser av posisjonen din, men ubehageleg kan det vere å vite kor du er. Slik er det også i reiselivet. Kunnskapsgrunnlaget for å skape endring må vere basert på edrulege analyser av tilstanden, etterpå kjem den vanskeleg diskusjonen og kor ein vil og korleis ein skal kome dit.

Mens du ikkje kan blande ønskje inn i analysen av din posisjon, er det ikkje like vasstette skott den andre vegen. Din posisjon kan påverka kor du vil eller kor du bør bevege deg, men avgjer det ikkje. Det er kanskje difor vi får reaksjonar av den typen som er nemnd ovafor, og det er her problematikken ligg, trur eg. Kanskje ein meir treffande reaksjon på våre analyser hadde vore: ”hvorfor er dere opptatt av det der – vi vil ikke ha slike analyser”. I valet av kva for analyser som skal gjerast er ikkje forskinga nokon nøytral part, og i diskusjonar med oppdragsgjevarar kan det oppstå konfliktar på dette området. Oppdragsgjevarar veit at kva for analyser som vert gjort påverkar fokus for debatten om vegval etterpå.

Både i regjeringas og Sogn og Fjordane fylke sin reiselivsstrategi er berekraft eit overordna mål. Det tek våre analyser utgangspunkt i. Resultata av analysane reiser ein viktig debatt om mål og strategival i reiselivet. Arbeidet med iverksetting av reiselivsplanen i Sogn og Fjordane er godt i gang med denne diskusjonen. Planen skisser strategiar for korleis ein kan bevege seg i retning av berekraft utan å forby verken det ein eller andre.