WIMS’11 blei ein stor suksess

Konferansen som blei gjennomført i Sogndal 25. – 27. mai vart ein stor suksess. Trass oskesky og flyproblem kom det 85 forskarar frå 26 land til konferansen.

Fleire av hovudforedraga kom inn på utviklinga innan semantisk web dei siste 10 åra. Grunnen var at det var nøyaktig 10 år sidan den kjende artikkelen ”The Semantic Web” stod på trykk i The Scientific American, og at ein av forfattarane, prof. Jim Hendler, var ein av foredragshaldarane ved WIMS’11.

Den nemnde artikkelen var på mange måtar startskotet for arbeidet med semantisk web. Jim Hendler oppsummerte sjølv dei 10 åra med å seia at dei tenkte mykje rett i 2001, men undervurdte kraftig ein ting: kor enkelt semantisk web måtte gjerast for å slå gjennom (”how light ’light’ really should be).

Peter Mika frå Yahoo! Research oppsummerte dekaden på denne måten:

2001: Startskotet for semantisk web
2004 – 2006: ”Reality sets in” (problema dukkar opp, manglande finansiering, for vanskeleg)
2007:A Second Chance (ein ny start gjennom arbeidet med Linked Data)

Sören Auer gjekk grundigare inn på arbeidet med lenka data (Linked Data) i sin presentasjon og Marko Grobelnik viste eksempel på bruk av semantisk teknologi i praksis. Ta ein titt på http://searchpoint.ijs.si for eit fascinerandeeksempel. Det viser korleis søkeresultat frå Google (eller andre) kan grupperast automatisk og gi ein meir verdi. I tillegg løftar det fram søke-resultat som normalt ikkje blir studerte fordi dei hamnar på side to eller lenger bak i resultatlista.

Aswin Ram var den siste hovudforedragshaldaren og han snakka om online læring. Med initiativet Open Study viser han korleis online læring kan ta opp sider ved nettbasert spel-teknologi for å bli meir tiltrekkjande for ungdom. Etter lansering av tenesta hausten 2010 har den alt fått meir enn 50 000 brukarar verda over.

Presentasjonar, bilde og hovudforedrag er tilgjengelege på nettsida http://wims.vestforsk.no

Proceedings frå konferansen finn de i ACM Digital Library: http://portal.acm.org/citation.cfm?id=1988688