Offentlege innkjøp i steinalderen

Eg har nettopp limt att ein stor konvolutt og sendt eit tilbod på ei utlysing frå Distriktssenteret. Eg kan berre kryssa fingrane mine for at tilbodet kjem fram til Steinkjer måndag 20. juni før kl. 12.00. To papirkopiar med kvar 50-60 sider papir ligg i konvolutten, saman med ein minnepenn. Det er grunn til å minna om at vi lever i 2011 – dette er hinsides all fornuft! No må styresmaktene vakna og modernisera eit håplaust gammaldags system.

 

Konkurransevridande
Dei fleste slike utlysingar kjem frå verksemder heimehøyrande i Oslo (Distriktssenteret var i så måte eit unnatak). Det er difor ei distriktspolitisk side ved dette systemet: det favoriserer i stor grad dei som held til i eller nær Oslo.

For ei typisk utlysing som den eg har omtalt over, må vi ved Vestlandsforsking rekna 3-4 dagar levering for å vera heilt sikre på at posten kjem fram. Likevel har det hendt at posten har vore forseinka og vi har vorte ekskluderte frå konkurransen.

Systemet må endrast!
Det er sjølvsagt ikkje Distriktssenteret sin feil at det er slik, dei følgjer berre lov og forskrift. Det er lov om offentlege innkjøp, med tilhøyrande forskrift, som må endrast. Det går ikkje an at vi framleis må levera tilbod på offentlege utlysingar på papir, og med risiko for at sendinga ikkje kjem fram i tide.

FAD er ansvarleg departement for saker om offentlege innkjøp. Departementet må snarast setja i gang eit arbeid med modernisering av regelverket.

Det skulle ikkje vera så vanskeleg å gjera endringar. Vi leverer elektroniske søknader både til Forskingsrådet og EU, som oftast med heilt andre summar enn det er snakk om her. Eit par gratis forslag til korleis dette kan gjerast, både på kort og lenger sikt:

 

  1. Innfør stempling/kvittering på postkontor som godkjend dato for innlevering av tilbod

  2. Etabler ein sentral elektronisk tilbodsboks der elektroniske tilbod kan sendast og hentast ut av utlysar etter at fristen har gått ut