Nytt prosjekt om tverrsektorielle klimatiltak i kommunane

Mange tiltak for å redusere utslepp av klimagassar føreset samarbeid på tvers av fleire sektorar og involverer fleire aktørar. Dette er ofte ein viktig årsak til at slike tiltak er vanskeleg å få gjennomført.

I eit nytt prosjekt for kommunane sin interesseorganisasjon (KS) skal Vestlandsforsking prøve å avdekke kva det er som hindrar kommunar i å bidra til å gjennomføre fleire lokale klimatiltak som omfattar fleire sektorar. Prosjektet skal studere nærare kva som hemmer og fremjer samarbeid som får i gang slike tiltak. Dette skal gjerast ved å studere døme på ulike kommunar der initiativ til sektoroverskridande tiltak har hatt varierande suksess. Vestlandsforsking leiar prosjektet, i samarbeid med konsulentselskapa Civitas og Vista analyse. Prosjektet skal ferdigstillast i april 2012.