Moro med spørjeundersøking

Vi utfører i desse dagar ei undersøking for Distriktssenteret om bruken av videomøte og nettoverføring (streaming) i næringslivet og offentleg sektor. Undersøkinga omfattar mellom anna ei spørjeundersøking, og enkelte tilbakemeldingar på utsendt epost er både interessante og underhaldande!

 

Vi har sendt ut spørjeundersøkinga til bortimot 4000 mottakarar i privat og offentleg sektor, og med eit så breitt utval blir det gjerne epostar som både treffer bra og mindre bra. Og det er mange ulike tilbakemeldingar..

Først i avdelinga for personlege meldingar:

"Jeg er ikke på kontoret :)"

"Randi er bortreist frem til mandag 10. oktober"

 

Så er det dei som vurderer all kontakt som mulege kundar:

"Tusen takk for din henvendelse. Vi vil komme tilbake til deg så snart vi kan. BORDBESTILLING ELLER TAKE AWAY?"

 

Og til slutt dei tilbakemeldingane som indikerer ein evig loop (vi sender ut ein kode til undersøkinga og får tilbake ein ny kode frå respondenten...):

"Takk for at du tok kontakt med oss. Vi gjør alt vi kan for å besvare forespørselen din så fort som mulig. Når du svarer på denne forespørselen, må du inkludere saksnummeret (#51773) i emnefeltet"

Eit generelt trekk er at tilbakemeldingar frå offentlege verksemder er veldig korrekte med opplysningar om korleis eposten blir handsama vidare i systemet, medan det i næringslivet er ganske ulike tilbakemeldingar. Og må det vel også vera; offentlege verksemder har ei plikt til korrekt handsaming av all kontakt, medan det for næringslivet ofte er ein muleg ny kunde, eller at det berre er eit heft i ein travel kvardag.

Så langt er responsen slik:

Offentleg sektor: 42 % svar
Privat sektor: 11 %

Vi skal vakta oss for å generalisera desse tala for utvalet i dei to sektorane er ikkje heilt samanliknbart.

Resultatet av arbeidet blir publisert av Distriktssenteret i slutten av januar (2012). Litt meir info om prosjektet her (og sluttrapporten vil også bli publisert her).