Europa-utgreiinga
Forskingsleiar Ivar Petter Grøtte ved Vestlandsforsking er ein del av sekretariatet for utgreiinga om Norges avtalar med EU. Utvalet arrangerer saman med Fritt Ord 10 informasjons- og debattmøte om Norge og EU denne vinteren og våren
I møteserien "Utanfor og innanfor: Norge og EU" vil utvalet ta sentrale tema knytt til utgreiinga opp til debatt. Alle dei 10 møta blir sende direkte på nettet etter initiativ frå prosjektet "Kunnskap kryssar grenser".
Det første møtet vart halde 18.01 og hadde tittelen "EØS og folkestyret - klokt kompromiss eller demokratisk katastrofe?" Sjå meir informasjon på http://europautredningen.no der det også finst lenke til nettoverføringa.
Dei neste arrangementa i serien er:
Tysdag 1. februar
Er Norge Europa? Europa og norsk identitet
Litteraturhuset, Oslo, kl. 19.00–21.00
Tysdag 8. mars
Tidevannsbølgja: EU-retten i norske domstolar 1994–2010
Litteraturhuset, Oslo, kl. 19.00–21.00
Måndag 14. mars
Utanfor og uberørt? EU og norsk fiskeripolitikk
Hovedbiblioteket, Tromsø, kl. 19.00–21.00
Tysdag 22. mars
Lobbynasjonen: Norske offentlege og private nettverk i EU
Litteraturhuset, Oslo, kl. 19.00–21.00
Tysdag 29. mars
Den femte friheit: EU og norsk forsking og utdanning
NTNU, Trondheim, kl. 14.00–16.00
Tysdag 12. april
Herre i eige hus? Norge som energinasjon og EU/EØS
Litteraturhuset, Oslo, kl. 19.00–21.00
Tysdag 10. mai
Immigrasjon og integrasjon – europeiseringa av norsk innvandringspolitikk
Litteraturhuset, Oslo, kl. 19.00–21.00
Torsdag 12. mai
Fortia, forsinka og forvrengt? Norske medias dekning av tilhøvet til EU
Grieghallen, Småtroll, Bergen, kl. 16.30–17.30
Tysdag 24. mai
Utanfor, innanfor eller begge delar?
Norges europeiske dilemma
Litteraturhuset, Oslo, kl. 19.00–21.00