Doktorgradsdisputas Geir Liavåg Strand

Geir Liavåg Strand frå Sandane forsvarar 6. mai 2011 kl 13.15 doktorgraden sin (PhD) på Institutt for Industriell Økonomi og Teknologiledelse ved NTNU.

Avhandlinga har tittelen ”Reorganising the workplace: Factors that affect implementation of broad participation” og tar for seg innføring av brei medverknad av tilsette og fagforeiningsleiarar i bedriftsutvikling. Avhandlinga er basert på eit langsiktig forskingsarbeid i, med og for ei gruppe industribedrifter i Sogn og Fjordane.

Eit funn er at klubben kan spele ei viktig rolle for å fremje brei medverknad i bedriftene, føresett at klubben har leiinga med på laget for at medverknaden skal bli reell. Leiarane må invitere medarbeidarane med i endringsprosessar: Leiarane sin vilje til å lage møteplassar med dei tilsette og sjølve delta i dialogen på desse møteplassane er nøkkelen til å få til brei medverknad.

Hovudfunnet i avhandlinga er at den historiske, levande møteplassen mellom eigarar og tilsette på fabrikkgolvet er viktig. Denne uformelle samhandlinga på ”golvet” i bedriftene er basisen for at dei tilsette skal kunne medverke i avgjerdsprosessane i selskapa. Då bedriftene vart etablerte, vart det samstundes etablert direkte medverknad mellom tilsett og leiar/eigar. Bedriftene vaks, vart byråkratiserte, og mykje av denne direkte medverknaden forsvann.

Forskinga avdekkar eit sterkt ønskje hjå tilsette og leiarar i bedriftene til å gjenskape denne direkte medverknaden. Gjennom eit konkret endringsprosjekt i ei av bedriftene har det lukkast å lage ein ny møteplass ”på golvet”, ein møteplass som vert brukt aktivt til å praktisere brei medverknad i den daglege drifta og utviklinga av selskapet. I ei anna bedrift vart det også prøvd å gjenskape ein slik møteplass, men forsøket førte ikkje fram. Erfaringar er at for å lukkast i endringsprosessar, er det viktig at det vert teke omsyn til lokale tilhøve og lokale tradisjonar, noko som ikkje alltid er tilfelle om ein slavisk følgjer malen gitt i den norske samarbeidsmodellen. Faktorar som spelar inn for å kunne etablere brei medverknad er leiarane/eigarane sitt syn på makt, tilsette/fagforeiningar sin strategi når det gjeld medverknad, den organisatoriske historia og nærveret av møteplassar i bedriftene, særleg den levande møteplassen ”på golvet”.

Strand har arbeidd som forskar ved Vestlandsforsking i Sogndal sidan 1998 og arbeidde tidlegare som IT-leiar ved Sogn og Fjordane Energiverk på Sandane 1988-1998 og som prosjektingeniør ved Kongsberg Våpenfabrikk 1984-1988. Han har mastergrad i samfunnsplanlegging frå Høgskulen i Volda  og er høgskuleingeniør i kybernetikk frå Rogaland Distriktshøgskole i Stavanger. Strand er gift og har fire born.

Den elektroniske versjonen av avhandlinga er tilgjengeleg her.