Øver på varsling av klimafarar

Korleis kan ein kommune varsle dei som er i eit område om klimarelaterte naturfarar? Fylkesmannen i Sogn og Fjordane øver på dette i Aurland kommune 2. juni.

Telefonabonnentar i Aurland fekk i føremiddag ei oppringing med ei opplesen talemelding. Mobilabonnentar og besøkande til kommunen mottok den same meldinga, med denne teksten: ”ØVING, ØVING, ØVING!

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane testar nytt varslingssystem i samband med øving i Aurland kommune. Bur du i eller er i Aurland no? Ver venleg å svare på nokre spørsmål her:

https://skjema.fylkesmannen.no/more/wizard/wizard.jsp?wizardid=405

Fylkesmannen tok i bruk sosiale medium undervegs, både for å informere om øvinga og for å be om innspel frå dei som fekk varselet.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane prøver for første gong ut eit slikt varslingssystem her i fylket. I åra som kjem kan slike meldingar bli viktige for å varsle om ekstremvêrhendingar. Bakgrunnen er det internasjonale prosjektet Clim-ATIC, der Fylkesmannen og Vestlandsforsking deltek saman med kommunar og andre organisasjonar på Grønland, i Skottland og i nordlege delar av Sverige og Finland.

Meir om bakgrunnen