Kva lærde ein av uvêret?

Fylkesmannen kunne ha engasjert seg meir i oppfølging og førebyggingsarbeid etter ekstremvêrhendingar, viser ein studie som omfattar alle dei norske fylkesberedskapsavdelingane.

Prosjektet Civilclim ser på korleis klimasårbarheit fører med seg nye utfordringar for det sivile beredskapssystemet. Den nye rapporten gir innblikk i korleis fylkesmannen har handtert konkrete ekstremvêrhendingar og kva erfaringar fylkesmannen og dei råka kommunane sat att med etter hendinga. Materialet kastar lys over det offentlege beredskapssystemet si evne til å lære av ekstremvêrhendingar, og viser kor godt rusta ein er til å takle følgjene av framtidige klimaendringar. Datagrunnlaget er intervju med fylkesberedskapssjefane i alle fylke og relevante dokument og rapportar.

Studien viser at fylkesmannen generelt kunne ha engasjert seg meir i oppfølging og førebyggingsarbeid etter ekstremvêrhendingar. Dette fordi hendingar av ulikt omfang kan romme viktige erfaringar som bør følgjast opp med førebyggande tiltak i ettertid. Evalueringspraksisen varierer mykje, og embetsoppdraget gir stort rom for subjektive vurderingar av når evaluering er nødvendig. Tydelegare krav og fastare rutinar kan difor vere eit steg på vegen til meir systematisk oppfølging av ekstremvêrhendingar. Vidare viser materialet at fylkesberedskapssjefane legg større vekt på krisehandtering enn på førebygging. Fokuset er størst på krisehandtering både i omtale av konkrete ekstremvêrhendingar og generelle hindringar for beredskap og samfunnssikkerheit. I forhold til klimaendringar er det sentralt at førebygging ikkje blir nedprioritert.

Studien viser også at fylkesmannen bør drive meir langsiktig oppfølging av kommunane for å sikre at nødvendige tiltak blir sette i verk etter ekstremvêrhendingar. I situasjonar der førebygginga krev store løft som må skje på eit anna nivå enn det kommunale, har fylkesmannen høve til å fungere som pådrivar dersom ressurssituasjonen tillet det. Når det gjeld klimatilpassing, går det fram av intervjua at fylkesmannen og kommunane har behov for større statleg satsing på tilpassing til klimaendringar. I dag etterspør kommunane kunnskap om lokale følgjer av klimaendringar, mens fylkesmannen etterlyser meir kompetanse for å kunne rettleie dei.

Tre utviklingstrekk er viktige for fylkesmannen sitt arbeid med ekstremvêrhendingar i åra som kjem. Den første hovudutfordringa gjeld endringar i vêrmønster og auka førekomst av atypiske vêrhendingar, som inneber at alle bør bu seg på ekstremvêr, uavhengig av kor lite utsett ein meiner å vere for ekstremvêr i dag. Ei anna sentral utfordring gjeld samfunnet si utvikling mot større sårbarheit for følgjene av ekstremvêr, som eit fleirtal av fylkesberedskapssjefane har observert i sine fylke. Den tredje hovudutfordringa handlar om fylkesmannen sin institusjonelle kapasitet, og særleg den administrative kapasiteten. Mange av embeta har for lite tid og ressursar til å følgje opp ekstremvêrhendingar og prioritere førebyggande beredskapsarbeid – oppgåver som skal gjere samfunnet mindre utsett for klimaendringar.

Sjå NRK Sogn og Fjordane