Vindkraft og reiseliv - hand i hand?

Vindkraft i Norge har eit stort potensiale langs kysten. Samtidig er reiseliv ei viktig næring langs deler av kysten. Det er derfor viktig å få avklara eventuelle konfliktar mellom vindkraft og reiseliv for å finne fram til korleis ein kan redusere eller unngå slike konfliktar.

Eit toårig prosjekt initiert av Næringslivets Hovedorganisasjon Reiseliv, Næringslivets Hovedorganisasjon Sogn og Fjordane, Vestavind Kraft AS og Energibedriftenes Landsforening (EBL) skal avklare kor store desse konfliktane er og korleis ein kan redusere dei. Prosjektet skal gjennomførast av Vestlandsforsking.

Målet med prosjektet er å styrke beslutningsgrunnlaget for spørsmål omkring etablering av nye vindkraftverk i Norge. Problemstillingane for prosjektet er: I kva grad, og eventuelt på kva måte kan vindkraftverk vere i konflikt med reiselivsinteresser? Kva skil vindkraftverk og reiselivsnæringa når det gjeld konfliktar i forhold til miljø? Korleis kan konfliktane av vindkraftverk i forhold til reiseliv og i forhold til miljø reduserast?

Ein nyleg publisert forstudie gjennomført på Stadtlandet i Sogn og Fjordane om turistane sitt syn på planane om eit vindkraftverk, viste at 18 prosent meiner at ein stad med vindmøller er uaktuelt som reisemål. ”Det viser at vindkraftverk kan vere eit potensielt trugsmål mot satsinga på eit naturnære reiselivsprodukt, og understrekar kor viktig der er å få gjennomført denne typen undersøkingar”, seier medlem i styringsgruppa for prosjektet Else-Marie Gulseth frå NHO reiseliv Vest-Norge.

Den same granskinga viste at 35 prosent av turistane som vitja Stadtlandet tykte det kunne vore interessant med ein tilrettelagt tur på eit vindkraftverk. ”Dette viser at problemstillinga omkring reiseliv og vindkraft er open; det er ikkje nødvendigvis slik at vindkraft automatisk berre er negativt for reiselivsnæringa”, påpeikar dagleg leiar i Vestavind Kraft AS, Haakon Sandvik, og seier vidare: ”Det er difor viktig å få avklara kva konfliktane konkret består i og kva tiltak som kan gjerast for å redusere konfliktane mellom vindkraft og reiseliv”.


For meir informasjon kontakt prosjektleiar Carlo Aall tlf. 57676150. Leiar av styringsgruppa er Karin Halle tlf. 41 61 92 00.

Rapporten: