VF på glattisen

"Det var det året det var så glatt" song Øystein Sunde ein gong i tida. Det var eit slikt år vi opplevde at tre bilar på tenestereise med Vestlandsforskarar ombord hamna i grøfta. Heldigvis gjekk det godt, ingen vart alvorleg skadde, men vi gjorde oss våre tankar. Agnes direktør let det ikkje bli med tanken. Som ledd i HMS-arbeidet ved Vestlandsforsking bestilte ho glattkjøringskurs for oss tilsette, og då vi først var ute på glattisen fekk vi økokjøringskurs på kjøpet.

Fredag 4. desember var pulje nummer to avgarde til Stardalen for å bli kursa av Gloppen trafikkskule. Vi kom heim tankefulle, men òg oppglødde. Tankefulle fordi det var skremmande å merke korleis ein liten fartsauke frå 45 til 50 km/t gjorde at vi vart sjanselause i forsøka på å styre unna den innbilte barneflokken i vegkanten, for ikkje å snakke om den møtande Lerumtraileren i motsett kjørefelt. Oppglødde fordi vi hadde lært korleis vi med endra kjøremønster kan redusere drivstofforbruket med 15-20 prosent. Eit nyttig apropos til klimaforhandlingane i København. Transportbedrifter som har lagt om til økokjøring har dessutan opplevd kraftig nedgang i ulykkesfrekvensen, eit like vektig argument for endra kjørestil. Ut av dette kom det ei liste med økokjøringstips, eller dei sju tesene frå Stardalen, om du vil. Prøv sjølv, det er enklare enn du trur.

På bilda ser du kollega Ole Inge Gjerald som foretar ein mønstergyldig unnamanøver i 47 km/t (etter mange mislykka forsøk).

IMG_9309_edited-1 IMG_9310_edited-1

IMG_9311_edited-1 IMG_9312_edited-1

Økokjøring – sju teser frå Stardalen

Akselerer raskt og hopp over gir
Få bilen raskt opp i den farten du har tenkt å halde. Førstegiret slukar drivstoff – kjør aldri meir enn to billengder i førstegir. Hopp over det nest høgste giret. Det betyr at dersom du skal kjøre i 50 km/t i fjerdegir, girar du i rask rekkefølgje slik: 1 - 2 - 4. Skal du kjøre i 80 km/t, girar du slik: 1 - 2 - 3 - 5. Ver tung på gasspedalen under akselerasjon, unngå ”seigpining”.

Ikkje rør gasspedalen i unnabakke
Bilar med innsprøytingsmotor (dvs bilar nyare enn ca 1991) brukar ikkje drivstoff når ein slepp gassen under fart – da er det rørsla til bilen som driv kompresjonen. Det er ved å sleppe gassen nedover bakke, såkalla ”nullkutt”, vi har mest å hente i redusert drivstofforbruk. Treng du å auke farten er det likevel best å gjere det i unnabakke. Dersom farten vert for stor unna bakke kan du bremse på giret (skift til lågare gir) og la turtalet gå opp.

Hald ein defensiv kjørestil med jamn fart og få stopp
Tenk nokre hundre meter framover og planlegg kjøringa i forhold til terrenget og trafikkbildet. Ikkje bruk gass i utrengsmål, prøv å bruk unnabakkar til å vinne fart. Slepp gassen i god tid når du nærmar deg ein sving (eller ei anna hindring) slik at du kjem ned i passe fart til å klare svingen utan å bremse, gass så opp på veg ut av svingen. Unngå full stopp i kryss dersom ikkje trafikken krev det.

Aksepter lågare fart i motbakkane
Ikkje trykk ned gassen når du nærmar deg ein bakketopp, men hald høgrefoten i ro. Farten går noko ned, men det tar du igjen når du kjem over på andre sida av bakketoppen og trillar nedover.

Kjør med høgt gir
Dei fleste kjører i for lågt gir i ugrunna frykt for å ”daudkjøre” motoren. Kjør med høgt gir og lågt turtal (femtegir ved vanleg landevegskjøring). Gir ned dersom motoren ikkje gir respons når du gassar, men kom deg raskt opp i femtegir igjen.

Hald fartsgrensene
Det er overraskande lite tid å spare på agressiv kjøring og høg fart. Særlig på svingete vegar vil høg fart krevje mange nedbremsingar. Hald fartsgrensene og prøv å få god flyt i kjøringa, så sparar du miljøet og reduserer ulykkesrisikoen vesentleg.

Fjern takboksen og sjekk lufttrykket
Takboks, skistativ og feil lufttrykk i dekka aukar drivstofforbruket.